Kultur

Artist Hilma Nikolaisen: – I fordømminga mistar vi heile fundamentet i kristendommen

MUSIKK: Artist Hilma Nikolaisen har blitt såra av kristen fordømming. – Dei gongane eg har vore saman med kvinner, har eg ikkje blitt velsigna, men oversett. For meg har det vore ei sorg, seier ho.

– Det viktige er at musikken kjem frå ein genuin stad, seier Hilma Nikolaisen.

Det førre albumet til den kjente rockemusikaren, Heritage (2021), var eit akustisk album. På det nye Social Works, som kom ut for eir par veker sidan, køyrer ho trommemaskiner, synthar og el-gitar. Det var tilfredsstillande for henne å dunke på ein smule etter at ho fylte 40 år for eitt og eit halvt år sidan.

– Eg har prøvd å bevare risikoen i kvar låt, framfor å vere «smart» på ein vaksen og kjedeleg måte. Musikken skal ikkje vere for høfleg, heller litt frekk. Nokre gonger må ein berre våge å ytre noko. Eg har stolt på instinkta mine, seier ho.

«Genuin» kjennest som eit dekkande ord i møte med Hilma Nikolaisen og musikken hennar. Den nye plata betyr mykje for henne reint personleg. Låtane handlar om å sjå realitetane som det dei er, reagere og stå opp mot urett. Tematikken i tekstane har samanheng med ein vanskeleg periode for henne – ei krisetid. Ein del av krisa har samanheng med at ho ikkje klarte å sette tydelege nok grenser. På plata gir ho musikalsk uttrykk for «stopp» og «nei».

– Eg har på ulike vis vore inne i ein tøff periode. Det har vore helsebringande for meg å seie at «no er det krise», men samtidig halde fast på at krisa ikkje skal bli kronisk, seier Nikolaisen.

Ho vil ikkje stå fram som bitter, og har laga det nye albumet sitt med humør. Det har vore viktig for henne å slå ting fast i låtane, slik at ho lettare skal kunne gå vidare i livet. Opplevingane hennar ligg nedfelt i plata, både det vonde og det vakre.

– Ei stund tenkte eg «kva var meininga med dette, Gud?». Men når plata no er ute, finst det også noko lyst og energifullt der som andre menneske blir gira av. Min eigen tøffe periode blei så å seie omsett til musikalsk energi. Det gir meining for meg. Det gir ei slags sigerskjensle, seier ho.

– Det er ei velsigning å kunne prosessere kjensler og opplevingar gjennom musikk.

Ei stund tenkte eg «kva var meininga med dette, Gud?»

—  Hilma Nikolaisen

Følte seg som ein del av Jobs barnebok

Nikolaisen ønsker ikkje å komme inn på alle detaljar i krisa si, men fortel både om alvorlege saker der ho blei utsett for urett og fleire ting som kom «på toppen» av dette, nærmast litt tragi-komisk, som borreliose etter flåttbitt og skattesmell.

– På eit tidspunkt blei det så mange utfordringar oppå kvarandre at det kjentest som eg var med i Jobs barnebok, ler ho.

Overfor uretten ho opplevde måtte ho seg lære seg å sette foten ned.

– Eg er seda opp i den kristne forsakinga og trua, og har alltid lært at eg skal vende det andre kinnet til. Det har vore ein skyhøg verdi for meg å vere open og gi menneske nye sjansar. Samtidig går det ei grense ein stad. Eg har etter kvart lært meg ein større realisme. Ein skal ikkje alltid vende det andre kinnet til, seier 41-åringen.

Ho snakkar om balansen mellom å legge ting i Guds hender og sjølv å stå opp imot det som ikkje er greitt. Slik sett har ho eit førebilete i Jesus frå Nasaret, som tok sterk avstand frå urett.

– Jesus var ingen fjomp. Han stod radikalt på sitt. Det kan vi lære noko av, seier Nikolaisen.

Artist Hilma Nikolaisen

Kjem frå ein musikalsk familie

Hilma er vaksen opp i den musikalske familien Nikolaisen, der også Emil, Ivar og Elvira er kjente artistar og faren deira er organist i Den norske kyrkja. Med seg frå barndommen på Moi i Rogaland har Hilma eit arsenal av kristent tankegods. Heile sjelslivet hennar spring ut av det, som ho seier. Den kristne arven er framleis viktig for henne, men på nye måtar – ikkje berre i sjølve låtskrivinga, der dei bibelske bileta florerer i tekstane.

– Ein periode var det viktig for meg å seie at eg er kristen, sjølv om mange ville tenke at eg ikkje var det. No er eg reddare for å seie det, og for at folk skal synest eg ikkje tar det på alvor. Men det handlar også om å velje kva slags tru ein ønsker å ha, og kva slags etikk ein ønsker skal vere styrande i livet, seier Nikolaisen.

I samtalen med Vårt Land kjem artisten konkret inn på noko av det som har vore vanskeleg for henne i forhold til den kristne arven ho har med seg. Det handlar om fordømming, som ho meiner står sterkt i delar av Kristen-Noreg framleis.

– I sekulære krinsar møter eg ei sterk tiltru til kor progressivt det kristne samfunnet i Noreg er blitt, og det er eg glad for. Men det er framleis ein lang veg å gå, seier artisten.

Ha levd med både menn og kvinner

Nikolaisen fortel om vonde opplevingar som følgje av vala ho har gjort i samlivet med andre menneske.

– Eg har levd i fleire forhold med kvinner. Eg har kanskje hatt like mange kvinnelege ’love interests’ som eg har hatt mannlege. Men dei gongane eg har vore saman med kvinner, har eg ikkje blitt velsigna, men oversett. For meg har det vore ei sorg, seier Nikolaisen.

Vi burde bli møtt av kristne som seier at livet vårt er ok

—  Hilma Nikolaisen

Ho ønsker ikkje å bli ståande i ei bitter «grav», men at vi skal ta slike diskusjonar i fellesskap. For henne handlar den kristne trua om å prøve å vere eit godt menneske i verda, ikkje om å leve saman på ein bestemt måte. Ho synest kristne altfor ofte seier: «Du er god nok, men ...» Dette meiner ho skaper avstand og gir mange menneske dårlegare føresetnader for å leve eit godt liv.

– Det er mykje steinkasting. Vi tek steg framover heile tida, og det har eg tru på. Men no er det eit steg vi må ta litt fortare. Det går greitt for meg, for eg er trygg på at eg er god nok, men det finst andre enn meg som verkeleg lir. Vi burde bli møtt av kristne som seier at livet vårt er ok. Som verdset oss for dei vi er. Slik er det å bli møtt av Gud, seier Nikolaisen.

Sjølv har ho klart å legge bort dei vonde opplevingane og kvile i seg sjølv – kvile i Gud, som ho også uttrykker det. Men det er ikkje det same som at alle klarer det.

– I fordømminga mistar vi heile fundamentet i kristendommen, meiner ho.

Artist Hilma Nikolaisen

Har ein gut med spesielle behov

Også då Nikolaisen blei gravid utanfor ekteskap som 20 år gammal artist i Oslo, kjente ho på fordømming i det kristne miljøet. Fordømminga blei rett nok borte så fort barnet var fødd. Då møtte ho andre utfordringar, som åleinemamma til eit barn med særlege behov. Nikolaisen har mykje å fortelje om korleis samfunnet ikkje alltid klarer å legge til rette for menneske med spesielle behov på ein tilfredsstillande måte. I mange tilfelle går det ut over foreldra, som må kjempe og kjempe for rettane til barnet.

– Eg har møtt ein del motgang, når eg ser tilbake. Blant anna er det lite som er tilrettelagt for barn som treng noko anna når det kjem til utdanning og karriereløp. Alt må masast om, seier ho.

Guten hennar er no blitt 20 år og skal etter kvart flytte heimanfrå, noko som inneber ein ny fase i livet også for henne.

– Han skal inn i sitt vaksenliv, og eg skal inn i eit liv utan det fullstendige ansvaret som eg har hatt hittil med å skape ein trygg kvardag for han. Det blir ein ny epoke, seier ho.

Går i ferdiglagte gjerningar

Den nye livssituasjonen inneber også at ho kjem til å stå litt friare også i kva ho kan gjere på musikkfronten framover. Spele i band igjen, til dømes, i staden for å drive med soloprosjekt. Reise meir. Samtidig er det slik ho alltid har tenkt – ikkje på avgrensingar, men på kva slags moglegheiter som ligg der.

– Gud har lagt gjerningar klare for at vi skal gå inn i dei. Og det har eg gjort. Det har eg lov til å seie, smilar Nikolaisen.

Noko av den positive energien ho går inn i framtida med, har ho gitt eit hint om i det nye albumet, Social Works. Ho summerer musikken, livssituasjonen og livssynet sitt opp i uttrykket «all good» – alt er i orden. Ho snakkar om å «kvile i nåden», sjølv om livet kjem tumlande med ein del «krims og krams».

– Eg har ikkje levd eit enkelt liv, men eg opplever at livet er slik det skulle vere, seier Hilma Nikolaisen.

– Eg likar ikkje å slå ein strek over ting. Då seier eg heller: Slik er det. Kor skal eg gå herfrå?

---

Hilma Nikolaisen

  • Norsk artist
  • Fødd 1. juli 1982 på Moi i Rogaland
  • Busett i Oslo
  • Søster til Emil, Ivar og Elvira Nikolaisen
  • Mor til ein gut med spesielle behov
  • Aktuell med albumet Social Works (Sheep Chase Records)

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur