Artist Hilma Nikolaisen: – I fordømminga mistar vi heile fundamentet i kristendommen

MUSIKK: Artist Hilma Nikolaisen har blitt såra av kristen fordømming. – Dei gongane eg har vore saman med kvinner, har eg ikkje blitt velsigna, men oversett. For meg har det vore ei sorg, seier ho.

Artist Hilma Nikolaisen
KJEMPAR MOT URETT: For artist Hilma Nikolaisen er det blitt viktig å stå opp mot urett. – Eg er seda opp i den kristne forsakinga og trua, og har alltid lært at eg skal vende det andre kinnet til. Samtidig går det ei grense ein stad, seier ho.
Publisert Sist oppdatert

– Det viktige er at musikken kjem frå ein genuin stad, seier Hilma Nikolaisen.

Det førre albumet til den kjente rockemusikaren, Heritage (2021), var eit akustisk album. På det nye Social Works, som kom ut for eir par veker sidan, køyrer ho trommemaskiner, synthar og el-gitar. Det var tilfredsstillande for henne å dunke på ein smule etter at ho fylte 40 år for eitt og eit halvt år sidan.

– Eg har prøvd å bevare risikoen i kvar låt, framfor å vere «smart» på ein vaksen og kjedeleg måte. Musikken skal ikkje vere for høfleg, heller litt frekk. Nokre gonger må ein berre våge å ytre noko. Eg har stolt på instinkta mine, seier ho.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP