Kultur

– Norsk lovsong er meir mangfaldig enn før

LOVSONG: Norske lovsongstekstar er meir orientert mot sine norske, kristne røter enn tidlegare, meiner musikkvitar Aleksander Lorentzen.

Den tidlegare lovsongsartisten Rudi Myntevik hadde nyleg på trykk eit essay i Vårt Land der han skriv både om sine eigne erfaringar som lovsongsartist og om stoda for nye norske lovsongar i dag. Blant anna etterlyser han større musikalsk mangfald i lovsongen, og han diskuterer tendensen med at mange songar i dag blir skrivne av kristne miljø, ikkje av enkeltpersonar.

– Det siste skal nok eg ta ein del av æra eller skulda for, seier David André Østby, som er kreativ pastor i Filadefiakirken Oslo og ein sentral figur i norsk lovsong.

Der Østby i starten skreiv mykje åleine, blei han etter kvart meir opptatt av at lovsongar, som blir sunge av eit kollektiv, også skulle skrivast av eit kollektiv. Blant anna skreiv han sin første lovsong på norsk nettopp saman med Rudi Myntevik for rundt femten år sidan. Og han har vore aktiv i å føre ulike låtskrivarar saman på tvers av kyrkjeleg og regional tilknyting.

– I dag er det mange fleire som skriv lovsongar saman enn det kanskje var tidlegare. Eg meiner at mangfaldet er større enn før, ettersom endå fleire dermed blir delaktige i låtskrivinga, men det kan vere ei påminning til oss som skriv lovsongar, å skrive dei låtane som «manglar», seier Østby.

Sjølv gjekk han for fleire år sidan over frå å skrive på engelsk til å skrive på norsk. På starten av 2000-talet var han og fleire andre inspirerte av internasjonale lovsongsleiarar som Chris Tomlin og Michael W. Smith, og han var redd for at norske låttekstar skulle høyrest banale ut. I takt med utviklinga i resten av musikkbransjen, blei det likevel meir og meir naturleg for han å skrive lovsongstekstar på norsk.

– Eg henta mellom anna inspirasjon frå salmar og har skrive ein del lovsongar med eit meir «salmete» språk, seier Østby.

---

Norsk lovsong

  • Rudi Myntevik skreiv nyleg eit essay (lenka over) i Vårt Land om ny, norsk lovsong.
  • I essayet tek han for seg nye lovsongar frå bl.a. Filadelfiakirken, Impuls, Salt Ung, Sørlandskirken, Pinsekirken Ålesund, Get Focused og Acta.
  • Blant perspektiva han er inne på, er det han meiner er manglande musikalsk mangfald – med somme unntak. Han diskuterer også kva det gjer med tekstane om dei er skrivne av enkeltpersonar eller større miljø.
  • Musikkvitar Aleksander Lorentzen har skrive masteroppgåve om norsk lovsong i perioden 2012 til 2022. Han meiner at den norske lovsongen i større grad har nærma norsk tradisjonsstoff enn tidlegare.
  • Dei erfarne lovsongsleiarane David André Østby og Jan Honningdal kjem også med sine refleksjonar i forlenginga av Mynteviks tekst.

---

Meir orientert mot norske røter

Denne vendinga er noko musikkvitar Aleksander Lorentzen, som har skrive masteroppgåve om norsk lovsong i perioden 2012 til 2022, har merka seg.

– Norsk lovsong er i dag meir orientert mot sine norske, kristne røter enn tidlegare. Særleg ser vi dette i miljø som Filadelfia, IMI og Impuls. På 00-talet var over halvparten av songane på Ungfila sine plater på engelsk. Idealet låg tydeleg i utlandet både i soundet og med tanke på tekstlege element, seier Lorentzen, som ser nettopp på David André Østby som eit godt døme på utviklinga generelt.

Norsk lovsong er i dag meir orientert mot sine norske, kristne røter enn tidlegare

—  Aleksander Lorentzen, musikkvitar

Å synge på norsk kan også vere eit strategisk val for å halde generasjonane meir saman. Når det i ein moderne norsk lovsong heiter til dømes «ren og rettferdig, i evighet», vil mange assosiere til den kjente salmen «Ren og rettferdig» som blei skriven på slutten av 1800-talet, meiner Lorentzen. Dreiinga mot norsk språk samsvarer også med at lovsong skal vere autentisk og ektefølt.

– Då er det vanskeleg å komme utanom morsmålet, seier musikkvitaren.

– Kva tenker du om Mynteviks etterlysing av mangfald i lovsongen? Det er framleis mange som er inspirerte av australske Hillsongs stadionlovsong?

– Det er vanskeleg å seie seg heilt ueinig. Samtidig er denne musikkstilen eit medvite val, fordi han høyrest majestetisk ut og er lett å atterskape for andre.

Aleksander Lorentzen (31) er lovsangsleder i Storsalen og musikkarbeider i Østre Frikirke i Oslo, begge i deltidsstillinger. Han studerer for tida musikkvitenskap på UiO. 

Et nytt, gratis studietilbud vil kunne gjøre lovsangsleder og pianist Aleksander Lorentsen fortrolig med kirkeorgelet.

Utvikling mot kompleksitet

Lorentzen peiker på at lovsongen i dag står lenger unna den sekulære popmusikken enn tidleg på 2000-talet, då U2 og Coldplay spelte kraftig inn på lovsongslydbiletet fleire stader. Om ein ser på utviklinga av norsk og internasjonal lovsong i samanheng, meiner Lorentzen elles å finne ei utvikling mot kompleksitet.

– På 1970-talet hadde du eit refreng som blei sunge om og om igjen. På 1980-talet la ein til eit vers, så det blei vers og refreng. På 1990-talet kom bridgen, ein overgangsdel som gjorde at ein kunne vende tilbake til refrenget med fornya energi.

I seinare tid, frå 2010 og utover, har særleg Hillsong United internasjonalt fått svært avanserte songformer, med små «postrefreng», «tags» og mange bestanddelar. Dette siste steget finn Lorentzen ikkje i same grad i norske lovsongar.

– Samanlikna med amerikansk lovsong finst det i norske lovsongar elles eit sterkare og luthersk fokus på nåde, forsoning og Jesu død på krossen. I amerikanske lovsongstekstar handlar det, litt sett på spissen, meir om at Gud er med oss og skal hjelpe oss å overvinne noko, seier Lorentzen.

– Kan ikkje ha 17. mai i julesongane

Den mangeårige lovsongsleiaren Jan Honningdal er opptatt av at vi ikkje må jamstille lovsong med all kristen song og musikk. Faren er at lovsongen då blir borte.

– Eg synest Myntevik definerer lovsong på ein god måte: songar om kven Gud er og kva han har gjort. Når eg sjølv tenker på lovsong, tenker eg at det er song tilbake til Gud. Eg trur ikkje alle som skriv lovsongar i dag, har ei like klar meining om desse tinga, seier Honningdal.

Han meiner til dømes at lovsongen ikkje er staden for å problematisere trua eller ta opp tvil på Gud. Lovsongen har ei spesifikk retning, mot Gud.

– Det er rom for klage i den kristne songen og musikken. Men om ein etterlyser klagesong i lovsongen, er det som å etterlyse 17. mai-song i julesongen – det gir ikkje meining, seier Honningdal.

Om ein etterlyser klagesong i lovsongen, er det som å etterlyse 17. mai-song i julesongen

—  Jan Honningdal, lovsongar
Lovsangslederne Jan Honningdal og kona Tove Honningdal.

Nestoren vil derimot ikkje komme med kritikk av nyare, norsk lovsong, snarare tvert imot.

– Eg synest det er fantastisk med alle dei nye, unge som skriv lovsongar. Dei er heilhjarta menneske med lidenskap, meiner han.

Eg synest det er fantastisk med alle dei nye, unge som skriv lovsongar

—  Jan Honningdal

Sjølv skriv Honningdal lovsongar når han kjenner at han har noko å seie, framfor å gå rundt og prøve å finne noko å skrive om. Tronge rammer og forventingar, som Myntevik skriv om i sin tekst, har han i liten grad kjent på. Bortsett frå når han gjekk med capsen bak fram eller slo hjul ned frå scena – det blei for sterkt for enkelte.

Lovsongsleiaren ler når han minnest sine tidlege år på vegen.

– Eg har aldri prøvd å skrive songar som andre skal bli veldig fornøgd med. Eg gjer det som ligg meg på hjartet.

Tretti år sidan første plate

I år er det tretti år sidan han gav ut si første lovsongsplate, Majestet, konge i evighet (1993). Eigentleg skulle albumet berre komme ut som ei hjelp til korleis lovsongane hans kunne syngjast og spelast. Plata blei etter kvart seld i meir enn 16.000 eksemplar.

Før han gav ut lovsongsplata heldt Honningdal ei rekke konsertar som artist. Sidan 1990-talet har han stort sett leia folk i lovsong, dei seinare åra saman med kona Tove Honningdal. Dei er tydelege på at dei kallar seg lovsongsleiarar og ikkje lovsongsartistar.

– Lovsong er noko vi gjer saman for å ære Gud. Eit ord som «lovsongskonsert» er difor litt underleg. Men det er greitt for meg om andre vil kalle seg for lovsongsartistar. Alltid når det finst kommersielle aspekt, ligg det ein fare for at vi driv ein smule performance. Men å finansiere ei norsk lovsongsplate i dag er å bruke sparepengane sine; det er lite pengar i det. Eg skulle til å seie: Det er så vidt til salt i såret, seier Honningdal.

800 personar var samla til konferansen Lovsang23 i Lillestrøm. Det er sjette gongen lovsangsnettverket Lovsang.no har invitert til tverrkyrkjeleg storsamling.

David André Østby kallar seg også for lovsongsleiar, men vil samtidig også vere frimodig på å kunne kalle seg for artist. Han meiner at omgrepet ikkje må bli noko negativt som er synonymt med sjølvhevding.

– Det er mykje artistisk ved å skrive musikk, gi ut musikk og stå på ei scene. Faktisk kan vi også miste mangfald om alt blir lovsongsleiing. Å vere artist handlar ikkje om å vere sjølvopptatt, men om å ta formidlinga på alvor, seier han.

Mange unge kristne hentar mykje av den teologiske forståinga si nettopp frå lovsongane, eit poeng som kom fram i den svenske avisa Dagen nyleg. Østby er tydeleg på at det er eit stort ansvar å skrive og gi ut lovsongar.

– Eg skulle ønske at det blei satsa endå meir på å utvikle gode låtskrivarar i Kristen-Noreg. Lovsongar er songar som potensielt sett når langt. Då kan dei også påverke mange.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur