Kultur

Nektar å «pynte» på bibelteksten

BIBELOMSETTING: Kjell Arild Pollestad har hatt dei fem beste åra i sitt liv. No kjem han med ei ny omsetting av Bibelen på norsk – poetisk, bokstavtru og fri frå kjønnsinkluderande språk.

Du skal vere godt over middels interessert i Bibelen for å gå i gang med det store arbeidet det er å omsette dei greske og hebraiske bibeltekstane til ditt eige språk. Vanlegvis er bibelomsetting ein prosess som involverer ei lang rekke fagpersonar, men gjennom historia finst det også markante døme på enkeltpersonar som har komme med sin eigen bibelversjon.

Hieronymus, som er vernehelgen for alle omsettarar, gav ut den latinske bibelutgåva Vulgata rundt år 400 e. Kr – og denne er framleis i aktiv bruk, særleg blant katolikkar. Kanskje endå meir berømt enn Hieronymus er reformatoren Martin Luther, som eit drygt tusenår seinare omsette Bibelen til tysk.

Og i haust er det altså Kjell Arild Pollestads tur.

Den norske forfattaren, omsettaren og tidlegare pateren, som kallar seg «katolsk prest i unåde», kan ikkje seiast å vere skuggeredd når han no gir ut ei splitter ny omsetting av Bibelen på Forlaget Press. Forlaget har endåtil tilhaldsstad under same tak som Bibelselskapet i den norske hovudstaden.

– Er bibelen din ein konkurrent til Bibelselskapet si nyaste omsetting, Bibel 2011?

– Han er ikkje ein konkurrent. Eg har arbeidd i dialog med Bibelselskapet sin bibel. Men eg synest at min er betre, iallfall poetisk sett, seier Pollestad.

– Omsettinga av Bibelen er nok det beste eg har gjort. Men så er også arbeidet det mest interessante eg har drive med i livet.

Har omsett ord for ord

Pollestad gav for nokre år sidan ut Bibelen i kortversjon, men bestemte seg deretter for å omsette fullversjonen til norsk på nytt – ikkje minst fordi både preses og andre i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur oppmuntra han til det.

Ifølge Pollestad har Akademiet vore «misnøgd» med språkforma i Bibelselskapets seinare biblar. Minst vellukka var bibelen som kom ut i 1978, synest han, for «her gav ein avkall på det ordrette og nøgde seg med meininga» – ei såkalla idiomatisk omsetting.

– Sjølv har eg vald å omsette så tekstnært og ordrett som mogleg. Bibelhebraisk er eit litterært kunstspråk, like særprega som den norrøne sagastilen. Eg har så langt det er mogleg skrive det som står, seier Pollestad.

Dette prinsippet blir kalla for ei konkordant omsetting. Såleis skriv Pollestad til dømes «Israels sønner» i staden for «israelittene» eller «Israelsfolket», i pakt med det opphavlege hebraiske uttrykket.

– Det gir dei rare tekstane i Andre og Tredje Mosebok ein heilt annan atmosfære, synest han.

Heilt konsekvent er han likevel ikkje. Det hebraiske kraftuttrykket for eit mannfolk, «veggpissar», har han sendt ned i fotnotane.

– Ein må jo tenke på at nokon skal stå og lese bibelteksten høgt. Dersom ei ungmøy støyter på ordet «veggpissar», vil ho sikkert raudne. Det bør ho få sleppe, ler Pollestad.

Teolog og tidligere katolsk prest Kjell Arild Pollestad er aktuell med ny bibeloversettelse. Her fra leiligheten hans på Bryne i Time kommune i Rogaland. 

bibelen bibel oversettelse ikon ikoner den katolske kirke kors krusifiks

Dersom ei ungmøy støyter på ordet veggpissar, vil ho sikkert raudne. Det bør ho få sleppe

—  Kjell Arild Pollestad

Avvisande til kjønnsinkludering

Omsettaren er ikkje berre kritisk til kjønnsinkluderande språk i bibelomsettingar – han er «sterkt og prinsipielt avvisande» til forsøka på å dempe det patriarkalske i Bibelen ved til dømes å skrive «søsken» i staden for «brør» og «barn» i staden for «søner».

– Vi lever i ei vanvitig tid. Tenk om ein hadde gjort det same med dei store diktarane? Ein kan ikkje tukle slik med tekstane. Det er omsettar-etisk heilt forkasteleg, seier Pollestad om grepa han trur stammar frå amerikansk feminisme.

– Du er ikkje i staden med på å styrke patriarkatet når du vel å omsette slik du gjer?

– Det håpar eg inderleg! Bibelen er patriarkalsk. Han er blitt til i eit patriarkalsk samfunn. Vi kan ikkje dikte det om til noko anna. Då sviktar vi teksten. Og vi mistar høvet til å la teksten seie noko til vår eiga tid. Bibelen skal vere, som Karl Ove Knausgård seier, ein brønn og ikkje ein spegel. Speglar har vi nok av!

Den tidlegare pateren er også imot kvinnelege prestar, men innser at ikkje alle er nøydde til å vere det. Debatten rundt slike spørsmål er legitim, meiner han – men sjølve bibelteksten skal vi ikkje endre på.

Fem lykkelege år

Mesteparten av Bibelen har Pollestad omsett i leilegheita si på Bryne. Rundt fem år har han brukt på arbeidet.

– Det er dei lykkelegaste fem åra i livet mitt, seier han blidt.

– Å sitte på fulltid med Bibelen … Det er eit ufatteleg verk, eit einaste stort mysterium: Korleis i all verda er Bibelen blitt til?

Pollestad meiner det er fleire fordelar med å jobbe åleine som bibelomsettar framfor å bruke lang tid på diskusjonar og vedtaksprosessar i ein komité.

– Å vere åleine forkortar alt kolossalt. Eg kan avgjere på eitt sekund noko som kan ta ein time i ein diskusjon, seier Pollestad.

– I ein komité er det heller ikkje alltid den beste løysinga får fleirtal.

Han har rett nok hatt med seg to «søyler» som lesarar undervegs: idéhistorikaren Nils Heyerdahl og leksikografen Tor Guttu, tidlegare redaktør for ei rekke prominente ordbøker.

Eg kan avgjere på eitt sekund noko som kan ta ein time i ein diskusjon

—  Kjell Arild Pollestad

– Du er sjølv katolikk, men det er den «protestantiske» Bibelen du no har omsett til norsk. Kvifor det?

– Det er eit medvite val. Som privatpraktiserande bibelomsettar er det ikkje mi oppgåve å forandre på bibeltradisjonen i Noreg. Men når Bibelselskapet neste år gir ut ein bibel med dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene, opnar dei jo døra for dette. Om det kjem ei ny utgåve av bibelen min på eit seinare tidspunkt, kjem truleg desse bøkene også med. Martin Luther syntest dei var «gode og nyttige» å lese, men rekna dei ikkje som ein del av Guds openberring.

Teolog og tidligere katolsk prest Kjell Arild Pollestad er aktuell med ny bibeloversettelse. Her fra leiligheten hans på Bryne i Time kommune i Rogaland. 

bibelen bibel oversettelse ikon ikoner den katolske kirke kors krusifiks

Meiner den nye bibelen er meir poetisk

Pollestad er ikkje så kritisk til Bibel 2011 som det ved første augekast kan høyrest ut som. Han meiner at bibelutgåva var eit langt skritt framover frå den førre bibelomsettinga til Bibelselskapet, ikkje minst at ho er meir ordrett der det lar seg gjere ut frå norsk språkkjensle. Likevel har han nokre ankepunkt.

– Omsettinga er så lite poetisk! Det er dårleg rytme! Mange av tekstane går jo ikkje an å synge, seier han.

For å understreke poenget byrjar Pollestad å synge under intervjuet. Han vel seg ein passasje frå Salme 77 i Det gamle testamentet, der hans eiga omsetting har betre rytme enn 2011-omsettinga.

– Typografi kan ikkje skape poesi. Det kan berre ein tekst med god rytme gjere, seier han.

Somme stader må han likevel innrømme at han vel den ordrette omsettinga framfor dei poetiske formuleringane, som når han i Salme 23 ikkje avsluttar med «jeg skal bo i Herrens hus gjennom alle tider».

I staden vel han å bruke ordet «dager» frå grunnteksten to gonger, slik at verset står slik på norsk: «Bare godhet og miskunn skal følge meg / i mange lange dager, / og jeg skal bo i Herrens hus / i alle mine dager.»

– Det skurrar i den norske språkkjensla når det på hebraisk står same ord to gonger. Men eg bøyer meg for grunnteksten, og då blir det slik på norsk, seier han.

Trass døme som dette meiner Pollestad at hans eiga bibelomsetting er meir poetisk enn 2011-omsettinga. Ein anna forskjell er at omsettaren har gitt Paulus tilbake dei lange setningane sine: Til sams med den seinare Jon Fosse var det langt mellom punktuma hos apostelen.

– Det blir ein annan tone om ein omsettar set inn ekstra punktum. Det har eg prøvd å unngå. Eg har eit musikalsk forhold til språk, og hos Paulus er det apostolisk hastverk; han prøver å seie mest mogleg på minst mogleg plass. Eg visste ikkje kor stor Paulus var før eg omsette breva hans. Hadde han ikkje vorte omvend på vegen til Damaskus, er det ikkje sikkert at Europa ville blitt kristna. Paulus fann orda for kva det nye i evangeliet var, og det er lidenskap i setningane hans. Eg har prøvd å halda hans eige tempo, seier Pollestad.

Bibelen. Ny oversettelse av Kjell Arild Pollestad på Press forlag.

Måtte ta ein piruett

– Du brukar den latinske namneforma Paulus i omsettinga di, men held deg til greske namneformer når du skriv om Stefanus og Timoteus. Kvifor?

– Fordi Paulus er eit innarbeidd namn. Der følgjer eg Erik Gunnes’ 1968-omsetting av Det nye testamentet frå gresk.

– Men er ikkje Stefanus og Timoteus innarbeidd blant mange, også?

– Det er mogleg, men ikkje hos meg. Eg synest at Stefanos og Timotheos kling betre.

Pollestad brukar dei greske formene også når han skriv om dei gammaltestamentlege profetane, som Sakarias.

– Samtidig skriv du også Jesajas, som er ei blanding av Jesaja og Esaias?

– Der var eg nøydd til å gjere ein liten piruett. Esaias verkar framandt i dag. Så Jesajas fekk både hebraisk j i starten og gresk s på slutten av namnet sitt.

Bibelen. Ny oversettelse av Kjell Arild Pollestad på Press forlag.

«Vår Far, du som er i himlene!»

Samtalen går vidare på «bibelnørdete» vis om ei rekke andre val Pollestad har gjort i omsettinga si. Han brukar til dømes uttrykket «syndflodens vann» for å uttrykke at storflaumen i forteljinga om Noah var eit eingongsfenomen. Og han brukar «himmel» i eintal når det heiter «I opphavet skapte Gud himmel og jord», mens han brukar «himlane» både seinare i skapingssoga og i starten av Herrens bøn: «Vår Far, du som er i himlene!»

– I Noreg er det nok nytt med «himlane» i Fadervåret. Men slik er det på dei fleste andre språk eg kjenner, bortsett frå tysk. Det er ei god påminning om at himmelen har to tydingar, både det kosmiske – himlane – og det frelseshistoriske: himmelen.

I Pollestads omsetting av Fadervåret står det elles ei bøn om å bli fridd frå «den onde», altså Satan, i staden for det meir generelle «det onde».

– Den greske teksten opnar for begge deler. No har omsettarane vald det andre så mange gonger at eg ville gjere motsett. Så ser folk at det er tvitydig.

Likar evangelia best

Frå den nye bibelomsettinga trekker Pollestad fram fleire døme på løysingar og passasjar han er særleg godt nøgd med. Blant anna nemner han Salomos ordspråk og Jobs bok. Den sistnemnde strevde han lenge med, før omsettinga kom på plass.

– Bibelselskapet med si omsetting har forresten klart å gjere eit mannleg sjøuhyre til ei kvinne, hevdar han.

Bibelen kjem utstyrt både med forord av Pollestad og ein «snarveg til Bibelen» i form av lesetips til slutt.

– Det er litt av eit strev å lese heile Bibelen. Somme passasjar er nesten uleselege. Gjennom snarvegen får lesaren sett dei sentrale tekstane i samanheng, seier Pollestad.

– Kva likar du sjølv best å lese?

– Eg likar evangelia best. Dei er sublime. Og Første Mosebok. Men i evangelia er du saman med Jesus, for å seie det enkelt.

Har testa ut teksten i bøn

Sjølv les Pollestad dagleg Bibelen på latin i tidebønene, men etter kvart gjekk han over til å nytte sin eigen tekst, for å prøve omsettinga ut i praksis.

– Eg har testa ho ut i bøna, så å seie. Det var svært nyttig, seier han.

– Når ein som truande arbeider med å omsette Bibelen på nytt, har ein alltid i bakhovudet at teksten skal kunne hjelpe menneske fram til ei levande tru på Gud, så dei blir glade i Jesus og prøver å følgje han. Det er nok mogleg å sette om Bibelen utan å vere ein truande, men eg trur at ein då går glipp av ein vesentleg aksent i toneleiet.

Bibelen er først og fremst levande gudsord, med makt til å vekke tru der ho før ikkje fanst

—  Kjell Arild Pollestad

Pollestad kallar Bibelen for den største gåva jødane har gitt til verda. Sjølv om det i dag er færre som går til Bibelen for å få næring til trua si, treng vi framleis kunnskap om Bibelen for å forstå kulturkrinsen vi høyrer til i.

– Bibelen er nøkkelen til to tusen års europeisk sivilisasjon. I tillegg rommar han mange av perlene i verdslitteraturen. Det mange grunnar til å gå til Bibelen sjølv om ein ikkje går dit med ei levande tru, seier Pollestad.

– Men Bibelen er først og fremst levande gudsord, med makt til å vekke tru der ho før ikkje fanst.

---

Kjell Arild Pollestad

  • Norsk forfattar og omsettar.
  • Fødd i Hå på Jæren i 1949.
  • Konverterte til Den katolske kyrkja i 1975 og var i mange år pater.
  • Har sidan midten av 1980-talet skrive ei rekke bøker om ulike emne, og har også verka som omsettar og gjendiktar av klassiske tekstar, blant anna av Snorre Sturlason og Homer.
  • Kjem i desse dagar ut med ei splitter ny bibelomsetting på Forlaget Press.

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur