Kultur

Er jorda i ferd med å bli større igjen?

IDEAR: For 150 år sidan gav Jules Verne ut klassikaren «Jorden rundt på 80 dager». Sidan har vi berre reist raskare og raskare. Men er utviklinga i ferd med å snu?

I 1873 var det mogleg å komme seg jordkloden rundt i løpet av eit halvt semester. I Jules Vernes klassikar Jorden rundt på 80 dager tvilar dei fleste på at ei så rask reise rundt jorda er praktisk mogleg. Men engelskmannen Phileas Fogg veddar ei formue på at han skal klare det og legg allereie same kveld i veg saman med tenaren sin, franske Passepartout. Dei neste 80 dagane dreg dei jorda rundt, blant anna med dampbåt, tog, slede og elefant.

Vernes roman har gjennom tidene inspirert fleire generasjonar lesarar til auka reise- og ekspedisjonslyst. Samtidig, i verkelegheita, har reisa rundt jorda tatt berre kortare og kortare tid. Den norske eventyraren og forfattaren Gunnar Garfors klarte for nokre år sidan å dra jorda rundt på 56 timar med rutefly. Ein flytur rundt kloden, berre med nokre korte stopp for å fylle drivstoff, kan gjerast unna på dryge tretti timar.

Tempoauka seier litt om den teknologiske utviklinga dei seinaste 150 åra. I all denne tida er verda berre blitt mindre for oss. Globaliseringa har påverka stort sett alle delar av samfunnslivet. Turismen har auka kraftig.

– Ikkje berekraftig

I det siste har det likevel skjedd noko nytt: Klimakrise, pandemi, krig, valutakurs og dyrtid har spela inn på reiselysta. I sommar valde til dømes mange nordmenn å reise på hytta eller utforske den norske naturen i staden for å dra på kostbare turar til utlandet. Iallfall om vi skal tru på ei lang rekke anekdotiske oppdateringar på sosiale medier, og på turismeforskar Kjersti Ruud Walaas, førstelektor ved høgskulen Kristiania.

– Det er ikkje noko mål lenger å reise jorda rundt så fort som mogleg. Det er verkeleg ikkje berekraftig, seier Walaas.

Ho las sjølv Jules Vernes Jorda rundt på 80 dager i ungdommen og lét seg inspirere av denne. Men om ein i dag absolutt reise jorda rundt, foreslår ho at turen går med seglbåt. Tre år er ideell tidsbruk for ei verdsomsegling.

– Då kan du oppleve stadene du reiser til og vere til stades der du er, seier ho.

Førstelektoren har forska på turisme og har blant anna skrive om emnet i fagboka Turisme. Globale utfordringer.

– Vegrar turistar seg i dag for å sette for store klimaavtrykk?

– Blant ei aukande mengd turistar er det blitt sånn. Det har grodd på oss særleg dei seinare åra. Mange fekk ei aha-oppleving under koronapandemien om korleis turisme påverkar naturen. Vi – og særleg dei unge – har fått auka medvit kring klimautfordringane, seier Walaas.

Det er ikkje noko mål lenger å reise jorda rundt så fort som mogleg. Det er verkeleg ikkje berekraftig

—  Kjersti Ruud Walaas

Slutt på gullalderen

Blant reiselivsstudentane på Kristiania er det ikkje lenger så mange som har vore på backpacking før dei begynner på studiet, fortel førstelektoren. Ho merkar det også på seg sjølv, at ho ikkje klarer å bestille så mange reiser lenger. Rett nok trur ho det skal det mykje til for å ein nordmenn å unngå å søke varme. Men reiselivsvanane våre er i endring. Og med det er verda for første gong på lenge i ferd med å bli større igjen.

– Dei seinaste åra er verda blitt mindre tilgjengeleg for oss. Gullalderen for reising er i ferd med å ta slutt, seier Walaas.

Samtidig trur ho noko av eventyrlysta i ferd med å forsvinne for dei som veks opp i dag, til fordel for å finne dei beste lokasjonane der ein kan ta bilete av seg sjølv og legge ut på Instagram.

– Somme er endåtil mest opptatt av kva slags klede dei skal ha på seg på dei ulike stadene dei reiser til, for å få best moglege bilete. Då er det ikkje eventyrlyst lenger, men å selje seg sjølv, seier Walaas.

Sjølv er ho ambivalent til ein tendens der vi reiser mindre til utlandet enn før. For klimaet er det positivt. Men det finst også ei kulturell slagside.

– Vi treng å besøke andre kulturar og utvide horisonten vår. Den amerikanske forfattaren Mark Twain har sagt at det å reise er å utvide sinnet. Slik sett er det synd at vi er meir heime enn før. Klimamessig er det bra, men økonomisk og sosialt er det ikkje like bra. Det blir fleire grenser og mindre kulturforståing, meiner Walaas.

Gullalderen for reising er i ferd med å ta slutt

—  Kjersti Ruud Walaas

Etterlyser oppbremsing

Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen er blant dei i Noreg som har skrive mest om globalisering.

– På somme område, som internasjonalt samarbeid, ser vi i dag ei deglobalisering. Nye former for nasjonalisme styrkar seg. På desse felta hadde vi trengt meir globalisering. Så har vi i staden fått for mykje globalisering på område der vi hadde trengt mindre, som handel og reise, seier han.

Hylland Eriksen minner om at turisme utgjer ein enorm del av verdsøkonomien, truleg rundt ein tidel, med ein milliard reisande per år. Men den same turismen går sterkt utover klimaet. Sosialantropologen etterlyser ei oppbremsing, der vi reiser mindre og kortare enn før.

– Måten vi reiser på no, er destruktiv. Det er kanskje noko av det verste vi gjer.

Hylland Eriksen peiker på at Jules Verne skreiv Jorden rundt på 80 dager i ei tid prega av framtidsoptimisme.

– Verne blei ein bidragsytar til nysgjerrigheita, undringa og ønsket om å beherske kloden på nye måtar. Han hadde eit positivt syn på teknologi og modernitet som var svært forståeleg på den tida, men som i vår tid bit seg sjølv i halen. Den fossile revolusjonen, som varte i 200 år, er blitt ei forbanning. Det var moro så lenge det varte. Festen er over og vi må ta oppvasken, seier han.

Det var moro så lenge det varte. Festen er over og vi må ta oppvasken

—  Thomas Hylland Eriksen

– Mogleg å reise utan å øydelegge

– Er det slik at jorda er i ferd med å bli større for oss igjen, så vi ikkje vil sjå den same type reising i framtida som vi har sett dei seinare tiåra?

– Ja! Eg synest erfaringane frå koronapandemien var interessante, når ein ikkje kunne dra til Mallorca og Bali. Det er mykje vi kan utforske i nærmiljøet vårt. Problemet med innanlandsreiser er at ein risikerer å bli innsnevra og sjølvopptatt, og ute av stand til å ta imot impulsar. Men det er også fullt mogleg å reise utanlands utan å øydelegge miljøet for mykje. Ein kan reise til Sverige, sykle i Danmark, ta tog til Sveits. Og generelt reise kortare, reise langsamt og vere borte lenger, seier sosialantropologen.

– Kan vi komme tilbake til ei tid der det på nytt vil ta 80 dagar å reise jorda rundt?

– Det ville ha vore hyggeleg! Eg lengtar tilbake til tida då ein kunne reise med dampskip, til dømes. To veker til Amerika, i staden for sju timar. Eg er ingen spåmann, så eg veit ikkje korleis det kjem til å bli. Men det er verdt å reflektere over, seier Hylland Eriksen.

Inspirert til ekspedisjon

Jorden rundt på 80 dager

Forleggar og forfattar Erling Kagge har gått til fots til Nordpolen, Sørpolen og toppen av Mount Everest. For snart tjue år sidan gav han ut ei nyomsetting av Jules Verne Jorden rundt på 80 dager på Kagge forlag.

– Jules Verne har inspirert mange, blant andre Fridtjof Nansen og Roald Amundsen, til å dra på ekstrem-ekspedisjonar. Han har også inspirert meg, seier Kagge, som for tida skriv på ei bok om Nordpolen.

Forfattaren og forleggaren er imponert over framsynet i Vernes bøker. Det gjeld også Jorden rundt på 80 dager.

– Verne ante at menneska kom til å reise jorda rundt i stadig større tempo – sjå mindre, men reise raskare. Når vi reiser raskt, snevrar rommet rundt oss inn. Men det som er spennande, bør vi oppleve langsamt. Når vi går til fots, på ski eller seglar med båt, utvidar tida og rommet seg, meiner han.

Misforstått effektivitet

Kagge trur at enkelte er i ferd med å gjere opprør mot den stadig raskare reisinga i samfunnet. Likevel ser han at mange framleis har hastverk.

– Det finst ei misforståing om at ein opplever meir når ting går raskare. Turisttips handlar ofte om kor mykje du kan rekke på 24 timar eller 48 timar. Alt blir til tal. Noko av det same ser vi i den aukande bruken av skritteljarar. Men gleda ved å gå handlar ikkje om å telle skritt, seier Kagge.

– Du har sjølv reist jorda rundt, langsamt får vi seie, til fots til «dei tre polane». Kva gav det deg med denne langsame reisinga mot ekstreme mål?

– Særleg då eg gjekk åleine mot Sydpolen – sakte innover i eit stort, kvitt ingenting – lærte eg mykje om kor viktig det er med indre stillheit. Høg fart handlar ofte om å leve gjennom forventingane til andre menneske og å springe borte frå seg sjølv. Å gå langsamt over tid, er å bli kjent med seg sjølv og bli kjent med Gud. Mennesket har eit djupt behov for å stoppe opp og puste, ikkje heile tida gå i full fart.

---

Jorden rundt på 80 dager

  • Klassisk eventyrroman skriven av franskmannen Jules Verne (1828–1905)
  • Blei først trykt som føljetong i avisa Le Temps og deretter publisert i bokform i 1873.
  • Romanen handlar om den velståande engelskmannen Phileas Fogg, som veddar ei formue på at han skal klare å reise jorda rundt på 80 dagar. Med damskip, tog, seglbåt, slede og elefant reiser Fogg jorda rundt saman med den franske tenaren sin, Passepartout – og med detektiven Fix i hælane. Fix trur nemleg at Fogg er ein bankranar på rømmen.
  • Vernes roman har inspirert mange til å dra på reiser jorda rundt. I 1903 var rekorden 54 dagar. Michael Palin frå Monty Python er blant dei som har reist jorda rundt på 80 dagar utan bruk av fly, i 1988. Den britiske syklisten Mark Beaumont sykla jorda rundt på 79 dagar i 2017. Norske Gunnar Garfors brukte berre 56 timar då han reiste jorda rundt med rutefly i 2018.
  • Jorden rundt på 80 dager er blitt filmatisert ei rekke gonger, blant anna i Michael Andersons Oscar-vinnande spelefilm frå 1956, med David Niven i hovudrolla som Phileas Fogg. David Tennant spelte Fogg i TV-serien som blei sendt på NRK jula 2021. Det er også blitt laga ei rekke sceneversjonar, blant anna Øystein Wiik og Gisle Kverdokks opera frå 2010. Denne var eigentleg meint som opningsførestelling då det nye Operahuset i Oslo opna i 2008.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur