Kultur

Satsar friskt på C.S. Lewis

JUBILEUM: 125 år sidan C.S. Lewis’ fødsel er den britiske forfattaren og litteraturvitaren framleis i vinden. Ei bok om Salmane i Bibelen er ute denne veka, og snart kjem også science fiction-trilogien hans på norsk – omtalt som «Narnia for vaksne, på høggir».

I år og neste år kjem det ut ei rekke bøker av C.S. Lewis som ikkje tidlegare er komne på norsk. Arven etter Lewis er også hovudtema på Veritaskonferansen som blir arrangert av Bibelskolen i Grimstad, Laget (NKSS) og NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i haust.

125 år etter at den britiske forfattaren blei fødd, og seksti år etter at han døydde, er med andre ord arven han høgst levande.

For det breie lag av folket er C.S. Lewis (1898–1963) best kjend som forfattaren av Legenden om Narnia, fantasy-serien om det magiske landet der barn frå vår verd kan hamne om dei til dømes går gjennom eit klesskap. I Narnia møter barna både vonde krefter, som Heksa Hvit, og gode krefter, som løva Aslan – ein allegori på Jesus Kristus.

Bibelske allegoriar

At det finst djupe spor av den kristne trua i Narnia-bøkene, er det truleg ikkje alle unge boklesarar som veit, men det er heller ingen stor løyndom at Lewis brukte bibelske allegoriar i bøkene sine. Mange kristne lesarar kjenner også den britiske forfattaren og litteraturvitaren som trusforsvarar – apologet – gjennom titlar som Se det i øynene og Djevelen dypper pennen.

– Mange av dei apologetiske bøkene hans står seg godt framleis, meiner Nils Ivar Agøy, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Agøy kjenner C.S. Lewis’ forfattarskap godt, ikkje minst gjennom mange års forsking på J.R.R. Tolkien, forfattaren av Ringenes Herre.

Lewis og Tolkien var vener, kollegaer ved universitetet i Oxford og sentrale i den uformelle litterære diskusjonsgruppa The Inklings. Blant manusa venegjengen diskuterte her, finn vi både dei nemnde boktitlane Ringenes Herre og Djevelen dypper pennen, i tillegg til Lewis’ science fiction-litteratur. Lewis skreiv nemleg ein trilogi med handling frå ulike stader i verdsrommet – Mars, Venus og Jorda – som på engelsk blir kalla The Space Trilogy.

To av bøkene kom ut på norsk for mange tiår sidan, blant anna i Gyldendals Lanterne-serie på 1970-talet, men dei er ikkje like godt kjente for norske lesarar som Narnia-bøkene og den apologetiske litteraturen til Lewis.

– Den siste boka i trilogien blei aldri omsett, så på norsk har det ikkje vore nokon trilogi i det heile, seier Agøy.

Har kjøpt forlagsrettar

Nettopp dette har det kristne forlagshuset Lunde tenkt å gjere noko med. Allereie i juni nypubliserer dei første band i trilogien, Malacandra. I haust kjem band nummer to, Perelandra, ut i nyoppussa versjon, før det tredje og siste bandet, Thulcandra, blir gitt ut for første gong på norsk neste år.

– Vi har tatt over dei tidlegare publiserte boktitlane og reforhandla rettane med HarperCollins og C.S. Lewis Company, slik at vi så å seie sit på dei norske rettane til alle C.S. Lewis’ bøker utanom Narnia-serien, seier redaksjonssjef Katrine Masvie.

Bokomslaget til «Malacandra» av C.S. Lewis

Dermed satsar det kristne forlaget friskt på C.S. Lewis i 125-årsjubileumsåret. Denne veka gav dei nemleg ut ei anna av Lewis’ bøker som ikkje tidlegare er kommen på norsk, Om salmene (engelsk: Reflections on the Psalms).

Her skriv Lewis for den truande lesaren om ulike aspekt ved dei bibelske salmane. Omsettar Andreas Kristiansen, som også jobbar i Lunde Forlag, las boka på engelsk allereie som ung tenåring og har gledd seg lenge til å få gitt ut denne tittelen på den norske marknaden.

– Det spennande er at Lewis går til dei bibelske salmane som litteraturvitar. Han samanliknar salmane med annan litteratur, og skriv på ein måte som dei aller fleste kan få noko ut av. Noko anna eg synest er veldig fint, er det han skriv om Gud som dommar: Guds dom er ikkje ein straffedom, men ei sivilrettsleg sak der han hjelper enkeltmenneska med å komme til sin rett, fortel Kristiansen.

Bokomslaget til «Om salmene» av C.S. Lewis

Konspirasjonar på campus

Omsettaren og forlagsredaktøren er også sentral i utgivinga av Lewis’ science fiction-bøker. Han er allereie i gang med omsettinga av Thulcandra, som skal komme ut neste år.

Der dei to første bøkene i trilogien som nemnt har handling frå planetane Mars og Venus, er det avsluttande bandet eit tidleg døme på den moderne trendsjangeren «dark academia». Typisk for sjangeren er konspirasjonar og krimelement som utspelar seg på universitetscampus, som i Donna Tartts Den hemmelege historien frå 1992. I Lewis’ roman frå 1945 blir mellom anna trollmannen Merlin vekt opp frå dei døde.

– Science fiction-trilogien til C.S. Lewis er Narnia på høggir, seier Kristiansen.

Redaksjonssjef Masvie brukar omgrepet «Narnia for vaksne» og seier at forlaget siktar mot eit breitt fantasy-orientert publikum for romanane.

– Dess meir kjennskap du har til teologi og den politiske situasjonen under andre verdskrigen, dess meir får du ut av bøkene hans. Samtidig går det også an å lese trilogien på eit enklare plan, som spennande historier. Lewis skriv både djuptgripande og attkjenneleg, seier ho.

Science fiction-trilogien til C.S. Lewis er Narnia på høggir

—  Andreas Kristiansen, omsettar og forlagsredaktør

– Morosame og lett tilgjengelege

Ifølgje Nils Ivar Agøy er Lewis’ science fiction-romanar morosame å lese, sjølv om sjangeren har utvikla seg mykje sidan den britiske forfattaren skreiv dei for over åtti år sidan.

– Frå ein kristen ståstad kan ein elles seie at Lewis skreiv science fiction-romanane sine for å formidle i populær form det han såg som viktige bodskapar ut frå den kristne trua. Bøkene tar opp verdispørsmål og filosofiske problemstillingar på ein lett tilgjengeleg måte, seier Agøy.

Utgangspunktet for trilogien var eit veddemål mellom Lewis og Tolkien, der Lewis skulle skrive om oppdaging av mytar med utgangspunkt i omgrepet «rom», mens Tolkien skulle gjere det same med utgangspunkt i omgrepet «tid». Tolkiens science fiction-verk blei aldri ferdig. Derimot hjelpte han Lewis med å få gitt ut bøkene sine.

– Det er ei tydeleg utforskar- og oppdagingsglede i Lewis’ sci-fi-bøker, og særleg i bok nummer to, Perelandra. Skildringa av den framande verda er fengslande, meiner Agøy.

Redaksjonssjef Katrine Masvie i Lunde Forlag gler seg over satsinga dei no har på C.S. Lewis. Ifølgje Masvie tok det forlaget rundt eit år å få alle rettane på plass, og det har også kosta dei ein god slump pengar. Redaksjonssjefen synest det er særleg spennande med science fiction-bøkene, som er nokså nytt terreng for det kristne forlaget.

– Det er ikkje så ofte forlagshuset Lunde gir ut science fiction-litteratur?

– Hehe, nei, science fiction har nok ikkje stått høgst på agendaen hos oss. Vi føler oss litt vågale, men no baud anledninga seg, humrar Masvie.

Science fiction-bøkene til C.S. Lewis tar opp verdispørsmål og filosofiske problemstillingar på ein lett tilgjengeleg måte.

—  Nils Ivar Agøy, professor i historie

Kombinerer akademia og kristen tru

125-årsjubileet for Lewis får dermed nokre friske norske tilskot. Med dei nye utgivingane følgjer forlaget samtidig opp klassikarserien som kom for nokre år sidan, der fleire av Lewis’ apologetiske bøker er samla. Ei Lewis-bok om bønn, som på engelsk heiter Letters to Malcolm, er også på trappene etter kvart.

– C.S. Lewis kombinerer det akademiske med ei tydeleg kristen tru. Det har vore både ein augeopnar og noko å strekke seg etter. Eg trur Lewis har gitt mange norske kristne frimot, seier Masvie.

Minneplakett for C.S. Lewis i Westminster Abbey

Også Nils Ivar Agøy meiner at Lewis har vore viktig for mange kristne, også i studentmiljø, gjennom å vise at ein kan vere kristen og samtidig vitskapleg og rasjonelt innstilt.

– Lewis har torpedert førestillinga om at det skulle vere ein motsetnad mellom å vere truande og å vere intellektuelt reieleg. Han var ein usedvanleg klarttenkande apologet og flink til å formidle dei filosofiske grunngivingane for kristendommen, seier Agøy.

– Det er ein tributt til forfattarskapen hans at han framleis blir lesen.

---

C.S. Lewis (1898–1963)

  • Britisk forfattar og litteraturvitar.
  • Særleg kjent for dei sju bøkene i serien Legenden om Narnia (Gyldendal).
  • Har også eit breitt trusforsvarande forfattarskap, med bøker som Se det i øynene og Djevelen dypper pennen (Luther).
  • Det kristne forlagshuset Lunde, som inkluderer Luther forlag og Veritas forlag, satsar tungt på bøker av C.S. Lewis i anledning 125-årsjubileet.

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur