Kultur

Festspeldirektøren: – Kunst kan endre verda

FESTSPELA I BERGEN: Direktør Lars Petter Hagen er ferdig med lærlingperioden og set den eksistensielle kunsten i sentrum for Festspela i Bergen.

Lars Petter Hagen er festspeldirektør for dei 71. Festspela i Bergen. Det er dei første festspela han har sett eit personleg avtrykk på. Han blei rett nok tilsett rett før festivalen i fjor, men vedgår at det er først i år han er blitt varm i direktørstolen.

– I fjor var eg ein slags lærling, flytta flygel og sette meg inn i dei ulike oppgåvene. Oppgåva som festspeldirektør fyller meg med ærefrykt, for eg leier ein av Noregs mest tradisjonsrike kulturinstitusjonar. Ei lang rekke med legender har vore innom Festspela i Bergen gjennom tidene. Samtidig er det viktig å ikkje vere redd, men våge å fornye – og på den måten halde tradisjonen levande, seier Hagen til Vårt Land.

Noko av det han er mest glad for å ha fått til i år, er det store utandørstilbodet, som er gratis, og koplinga av store internasjonale kunstnarar og lokale talent. Nettopp denne balansen er essensiell for at festivalen skal ha både tyngde og særpreg. Etter kvart som åra går, rykker då også mange av talenta opp og blir til internasjonale namn, som festspelmusikar Lise Davidsen. Ho studerte ved Griegakademiet i Bergen og er i dag ei av dei største stjernene i operaverda.

– Koplinga mellom det internasjonale og det lokale gjer at ein kan skape noko heilt unikt. Det er ei retning eg ønskjer å vidareføre, seier Hagen.

Koplinga mellom det internasjonale og det lokale gjer at ein kan skape noko heilt unikt

—  Lars Petter Hagen, festspeldirektør

Løftar fram ukjente stemmer

Festspela i Bergen har sitt utgangspunkt i den klassiske musikken, og klassisk musikk er framleis ryggrada i festivalen. Samtidig er også det musikalske sjangerspennet stort, noko Hagen er nøgd med. På programmet står det også ei lang rekke med arrangement innan andre kunstartar, ikkje minst dans og teater. Jon Fosses nye skodespel, I svarte skogen inne, er blant teaterstykka som blir spela under festivalen.

Festivaldirektøren trekkjer også fram arrangement for barn og ungdom: Ungdomsforestellinga Blikk handlar om «blikking», mobbing, jentegjengar og vald, mens barneforestellinga Plock! passar for alle som likar å søle og male utanfor strekane, og gjerne med heile kroppen!

– Det er stort mangfald i programmet, men samtidig nokså tydelege forbindelsar. Eg er elles glad for å kunne løfte fram ein del ukjente, men ikkje utilgjengelege stemmer. Ei av desse er den norske komponisten Anne-Marie Ørbeck. Portrettkonserten med musikken hennar er det eg personleg gler meg aller mest til, seier Hagen.

Ørbeck døydde i Bergen i 1996, og er ikkje så kjent som ho burde ha vore: Ho er nemleg den første norske kvinna som skreiv ein symfoni. Ho debuterte som orkesterkomponist i Berlin i 1938, og dette debutverket er blant musikken som blir framført av Bergen Filharmoniske Orkester under portrettkonserten.

– Du nemnde elles at mykje av programmet på Festspela er gratis. Kor viktig er dette for deg?

– Vi har billettar i alle kategoriar – nokre kostar ein del, mens andre er veldig billige. Vi ønsker å senke terskelen, så ikkje økonomi skal stå i vegen for ei kunstnarisk oppleving. Det gjeld spesielt i år, når folk har fått dårlegare råd, så derfor er gratisprogrammet ekstra stort, seier festspeldirektøren.

– Kunsten er nødvendig for demokratiet

Generelt ønsker Hagen å skape nødvendige og meiningsfulle pusterom gjennom det varierte programmet på Festspela. Tyngdepunktet ligg på den eksistensielle kunsten. Han meiner at kunsten kan spele ei viktig rolle i samfunnet.

– Kunst er heilt nødvendig. Eit fritt og uavhengig kunstliv er heilt nødvendig i eit demokrati. Kunst kan endre verda fordi han kan endre enkeltmenneske, og ambisjonen vår er å skape minner og bevege verda på, framfor og rundt scena.

Sjølv er festivaldirektøren agnostikar, men elskar kyrkjemusikk og har sjølv mange kunstnariske erfaringar som har kjentest «utanomjordiske».

– Slike opplevingar har endra korleis eg ser på verda. Både kunsten og religionen handlar om dei store spørsmåla i livet, seier han.

Både kunsten og religionen handlar om dei store spørsmåla i livet

—  Lars Petter Hagen, festspeldirektør

Dette vil han gjere før han døyr

På programmet under festivalen står mellom anna Verdis Requiem i Grieghallen, den italienske operakomponisten si klassiske tonesetting av den katolske dødsmessa. Samtidig blir døden tematisert også gjennom eit enkelt spørsmål på Torgallmenningen midt i Bergen, formulert med krit på tavle: Kva vil du gjere før du døyr? Kunstprosjektet inviterer til å reflektere over eige liv og kva som er det viktigaste for ein sjølv og andre.

– Eg får stille spørsmålet også til deg: Kva vil du gjere før du døyr, Lars Petter Hagen?

– Oi. Den forventa eg ikkje. Eg er veldig glad i det prosjektet, for det stiller eit fundamentalt spørsmål på ein enkel måte. Det handlar om kven vi er, kven vi har vore og kven vi kan bli. Eg får halde det enkelt sjølv også: Før eg døyr vil eg berre prøve å vere så snill eg kan.

---

Festspela i Bergen

  • Dei 71. Festspela i Bergen blei opna onsdag 24. mai og varer fram til 7. juni.
  • Festspela har eit stort tilbod av ulike kunstuttrykk, med tyngdepunkt i klassisk musikk og scenekunst. Festivalen har også eit omfattande, gratis utandørsprogram.
  • På festivalen i fjor hadde Festspela i Bergen 70.000 besøk.
  • Lars Petter Hagen (f. 1975) er ny festspeldirektør. Han er sjølv ein anerkjent og prislønt komponist, og var mellom anna kunstnarisk leiar for Ultimafestivalen i mange år.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur