Kultur

Satsar aktivt på andaktsbøker

BOKBRANSJEN: Dei kristne forlaga har framleis tru på andaktslitteraturen. – Vi satsar aktivt, seier forlagssjef Ketil Jensen i Lunde forlag.

Andaktslitteraturen har historisk sett vore avgjerande for norsk lesekunnskap og bokinteresse. I tillegg, og ikkje minst, har andaktsbøkene vore sentrale kjelder til åndeleg påfyll for fleire generasjonar kristne. Sjølv om salstala på nye andaktsbøker ikkje kan måle seg mot klassikarar som Fredrik Wisløffs Hvil dere litt (1938), som er seld i oppunder 200.000 eksemplar, satsar dei kristne forlaga framleis på å gi ut nye titlar.

– Vi satsar aktivt på andaktsbøker. I tillegg til dei vi har, lagar vi to, tre nye kvart år, seier forlagssjef Ketil Jensen i Lunde forlag.

Andaktslitteraturen står for rundt ein tiandedel av totalsalet til det kristne forlaget som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

– Andaktsbøkene er viktige for oss, fordi dei er viktige for lesarane. Dei har alltid seld godt, og det er framleis etterspørsel etter gode andaktsbøker, også i dei yngre kundegruppene, seier Jensen.

Bokhandelen Bok og Media i Oslo meldte nyleg om det same: Mange unge kjøper andaktsbøker, og etterspørselen er generelt sett så stor at bokhandelen har måtta utvide seksjonen for denne typen litteratur.

– Naturleg del av kristenlivet

Når Jensen ser etter nye, gode andaktsbøker, ser han etter tekstar med bibelsk djupne og folkeleg språk, skrivne med personleg vri.

– Kva er den beste andaktsboka de ikkje har gitt ut sjølve?

– Eg får svare ut frå mi eiga oppleving. Kanskje kan det vere Dager som kommer av Knut Grønvik.

Frå sitt eige forlag trekker han fram bøker som Ny hver morgen, ei samling med klassiske tekstar frå eldre og nyare forfattarar, Du er elsket av Henri Nouwen og Ett er nødvendig, skriven av den danske teologen Hans Erik Nissen. Blant dei klassiske andaktsbokforfattarane har Lunde gitt ut både Egil Sjaastad, Øyvind Andersen og Carl Fredrik Wisløff. Luther forlag – som blei slått saman med Lunde for nokre år sidan – har blant andre Fredrik Wisløff og H.E. Wisløff i portefølja si.

– I tillegg har vi nyare andaktsbøker av Asbjørn Kvalbein, Heidi Gellein, Geir Harald Johannessen, Edin Løvås, Tonje Haugeto Stang og fleire andre, opplyser Jensen.

Også forlagssjef Svein Andersen i Hermon forlag gir ut fleire nye andaktsbøker.

– Andaktsbøker er ein viktig del av det breie sortimentet vårt. Det er viktig å ha ei stille stund med Guds ord ein gong kvar dag, anten det er morgon eller kveld. Ei god andaktsbok til inspirasjon er for mange ein naturleg del av kristenlivet, seier Andersen.

Det er viktig å ha ei stille stund med Guds ord ein gong kvar dag, anten det er morgon eller kveld.

—  Svein Andersen, forlagssjef

Store variasjonar i salstal

Forlagssjefen opplyser at salstala på ei ny andaktsbøk kan variere frå 600 til 20.000 bøker i boka si levetid.

– Det er store forskjellar, og ingen forlag veit kva som gir gjenklang hos lesarane – sjølv om vi likar å tru at vi gjer det, seier han.

Frå sitt eige forlag trekker Andersen fram Billy Grahams bok Min hjelp kommer fra Herren, som har vore i sal i over 30 år og Sarah Youngs bestseljar Jesus kaller på deg.

– Dette vår mest selde andaktsbok – og verdas mest selde. Berre den engelske utgåva har seld 30 millionar eksemplar, seier Andersen.

Av norske andaktsbokforfattarar nemner han Egil Svartdals Plussord, som er seld i 10.000 eksemplar på under to år.

– Det er rekord for ein norsk andaktsbokforfattar hos oss.

Forlagssjefen som har gitt ut kristen litteratur i 40 år, meiner at andaktslitteraturen har bevart det same fokuset som på 1980-talet.

– Forfattarane er framleis opptatt av å formidle sanninga og livet som Guds ord gir, til inspirasjon og fornya tru for lesarane. Så er måten dei skriv og formidlar på sjølvsagt meir moderne. Dei «treff» lesarane i tida som er no, og historier og eksempel som er relevante i kvardagen, meiner Andersen.

– Skal lesast høgt gjennom fleire år

I Verbum forlag, som starta opp som Andaktsbokforlaget for 200 år sidan, er dei også interesserte i gode andaktsbøker.

– Historisk har andaktsbøkene våre vore svært viktige og dei er framleis svært viktige. Dei sel i stadig nye opplag. Vi har ikkje eit mål om å gi ut eit bestemt tal bøker, men leiter alltid etter dei gode forfattarstemmene. Det er overraskande vanskeleg å skrive enkelt og oppbyggeleg og godt samtidig. Andakter må tole å stå mellom to permar og bli lesne høgt gjennom fleire år, seier sals- og marknadssjef Fredrik Berentsen.

Verbum var forlaget som trefte planken med Knut Tveitereids En helt overkommelig bibel på starten av 2000-talet. Boka har seld over 100.000 eksemplar berre i Noreg. Jostein Ørums Telle dagar sel også godt, rett nok ikkje i nærleiken av Tveitereid, og blei nyleg trykt opp i fjerde opplag etter få år. Andersen trekker elles fram Geir Gundersens God morgon og Anne Kristin Aasmundtveits Alle år har du sett meg, som nyleg blei meldt i Vårt Lands store andaktsbokrigg.

– Kva er den beste andaktsboka som de ikkje har gitt ut sjølve, og kvifor?

Med evig kjærlighet av Peter Halldorf. Ho tar hjartet til lesaren inn i Bibelen, utan å skygge unna vanskelege spørsmål. Ho burde lesast av mange.

---

Andaktslitteratur

  • Andaktslitteraturen har røter tilbake til hagiografien i seinantikken; forteljingar om heilage kvinner og menn.
  • Historisk sett spelar andaktsbøkene ei svært viktig rolle i norsk og internasjonal litteraturhistorie. Det var desse bøkene som skapte lesarar av det norske folket.
  • Både litterært og historisk er andaktslitteraturen blitt oversett, meiner ekspertar.
  • Andaktsbøker sel framleis godt. Og unge kjøper og les andaktsbøker.
  • Les meldingar av åtte andaktsbøker her

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur