Kultur

KA vann fram: Lokalavis felt i PFU etter omtale av kyrkjestrid

PRESSEETIKK: KA Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder skulda Setesdølen for å vere tendensiøse i framstillinga av ei kyrkjekonflikt. Pressas Faglege Utval (PFU) var einige.

– Det verkar som Setesdølen ikkje har gjort noko for å finne andre kjelder, anna enn at dei har prøvd å få svar frå kyrkjeleiinga, sa PFU-medlem og NRK-redaktør Stein Bjøntegård under PFU-møtet onsdag.

Saman med resten av Pressas Faglege Utval gjekk han inn for å felle lokalavisa i Setesdal for brot på god presseskikk. Det enda med felling på punkt 3.2 og 4.14 i Ver Varsam-plakaten, høvesvis for kjeldeutval og opplysningskontroll, og for å ikkje gi motparten høve til å imøtegå sterke skuldingar.

Oppsagt kyrkjetenar står sentralt

Vi må tilbake til juni 2021 for å finne kimen til konflikten. Den 3. juni publiserte Setesdølen ein leiarartikkel med tittelen «Kyrkjesirkus i Valle igjen».

I artikkelen hevdar avisa at sparkinga av ein kyrkjetenar i Valle og Hyllestad ikkje toler dagens lys. Dei meiner vidare at kyrkjeleiinga har frose ut medarbeidarar og at arbeidsgjevaren har drive med mobbeliknande tiltak.

Saman med ein nyheitsartikkel veka etter og ein ny leiarartikkel i november i fjor, skapte dekninga reaksjonar i kyrkjelege styresmakter lokalt. Dekninga til Setesdølen gjorde at KA Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder melde saka til PFU.

KA-kommunikasjonsdirektør Trygve W. Jordheim skreiv klagen i samråd med kyrkjesjefen i Valle. Han omtalar dekninga til Setesdølen som gjennomgåande tendensiøs.

Direkte feil om søksmål

KA meiner at avisa sette fram alvorlege og udokumenterte skuldingar, utan at motparten fekk høve til å svare. Dei reagerer òg på at nyheitsartikkelen berre har éi kjelde – den oppsagde kyrkjetenaren. Jordheim meiner Setesdølen burde ha kontrollert påstandane til kyrkjetenaren med arbeidsgjevar, men at dei aldri blei kontakta.

Til slutt viser KA til den siste leiarartikkelen til Setesdølen, der dei skreiv at kyrkjetenaren hadde fått erstatning og at kyrkja hadde gått til søksmål.

«Tvert imot var det kyrkjetenaren som tok ut søksmål, men som seinare trekte dette, noko avisa sjølv har omtala», skriv Jordheim.

I tilsvaret erkjenner Setesdølen at det var feil at kyrkja gjekk til sak mot kyrkjetenaren. Avisa seier dei tok kontakt med kyrkjeleiinga for tilsvar, men at det hadde blitt avvist på grunn av tausheitsplikt. Setesdølen seier at denne informasjonen ikkje kom med i dekninga ved eit uhell.

– Forstår ikkje kvifor dei ikkje orsaka

Under PFU-møtet onsdag var det eit samstemt utval som felte Setesdølen på begge dei innklaga punkta i Ver Varsam-plakaten. Utvalet var tydelege på at det skal vere stor takhøgd for meiningar i leiarartiklar, men at konkrete skuldingar – som at kyrkjeleiinga har frose ut medarbeidarar – krev samtidig imøtegåing.

– Det er viktig med stor takhøgd på leiarplass, men det blir annleis når det er reine faktafeil. Eg forstår ikkje kvifor Setesdølen ikkje allereie for lengst har orsaka feilen om kven som går til søksmål, sa Stein Bjøntegård.

Utvalet meinte ei rekkje påstandar måtte ha betre dokumentasjon. Ingrid Rosendorf Joys som til dagleg er leiar i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, er medlem for allmenta i Pressas Faglege Utval (PFU). Joys meiner saka til Setesdølen er viktig å omtale, men at saka hadde trengt langt betre kjeldebreidde.

– Arbeidsgjevar hadde vore ei viktig kjelde for å få sjekke ut fakta. Det hadde vore på sin plass å orsake. Når ein gjer ein såpass graverande feil, så burde ein gå ut med det kjapt, sa Joys under møtet.

Etter ei lengre diskusjon var det til slutt liten tvil om den doble fellinga for Setesdølen.

– Konklusjonen til PFU er at Setesdølen har brote god presseskikk på punkt 3.2 og 4.14 i Ver varsam-plakaten, avslutta PFU-leiar Anne Weider Aasen.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur