Kritiserer regjeringas avvikling av gåveforsterking
PRIVAT DONASJON: Frå 2022 er det slutt på statleg forsterking for private donorar. – Veldig synd, seier Fortidsminneforeninga, som skal bruke midlane til eit besøkssenter for Urnes stavkyrkje.
KULTURMINNE: Urnes stavkyrkje har vorte eigd av Fortidsminneforeninga sidan 1881. Styreleiar Margrethe C. Stang seier gåveforsterkingsordninga gjorde det mogleg for dei å lyse ut ei arkitektkonkurranse om eit besøkssenter til bygget, som havna på UNESCOs verdsarvliste i 1979.
Martin Lerberg Fossum/NPK
– Eg forstår regjeringa si grunngjeving, men eg meiner det er ein dårleg ide, seier Margrethe C. Stang.
Ho er styreleiar i Fortidsminneforeninga, som sidan 1844 har jobba for å sikre norske kulturminne. I dag eig og forvaltar organisasjonen 43 historiske eigedomar rundt om landet, mellom dei åtte av landets 28 stavkyrkjer, samt fire steinkyrkjer og fire klosterruinar frå mellomalderen.
– Som ein liten organisasjon betyr det veldig mykje. Det er ein stor andel av inntektene våre. Dette er veldig synd.
Bestill abonnement her
KJØP