Kultur

Her skal bedehuset hylle nokon andre enn Gud

FOSSE-HUSET: Sidan 1950-talet har bedehuset i Kvam i Hardanger vore i bruk. No blir biletet av Jesus erstatta av forfattarkunsten til Jon Fosse.

Berre to hus bortanfor bedehuset ligg barndomsheimen til Noregs største dramatikar, Jon Fosse.

Framover blir det hans forfattarskap som inntek forsamlingslokalet, ifølgje NRK.

Fosse-stiftinga har nemleg kjøpt Kvam bedehus, og skal stille ut kunst, plakatar, artiklar – og arrangere førestillingar. Dei siktar òg på å bygge opp eit arkiv og lage ei skrivestove til gjesteforfattarar.

– Det er ein strålande god idé, seier Jon Fosse sjølv til NRK.

---

Jon Fosse

  • Norsk forfattar og dramatikar, fødd i 1959.
  • Bur i Statens æresbolig for fortjente kunstnare, Grotten i Oslo.
  • Dramatikken/forfattarskapet er omsett til over 40 språk.
  • Noregs mest spilte etter Henrik Ibsen.

---

Bort med Jesus – men ikkje korset

Huset var aldri for sal på den opne marknaden. Årsmøtet i Fosse indremisjon vedtok å selje huset til stiftinga til taksten på 500.000 kroner.

Også kommunen har vore med på spleiselaget. Formannskapet i Kvam har gitt 300.000 kroner til kjøpet av bedehuset, medan Sparebanken Hardanger har gitt 100.000 kroner.

Anne Marie Bogetveit frå bedehuset fortel at Jon Fosse også har ein spesiell plass i hjartet til bedehusfolket.

Jon Fosse. Boklansering av Det andre namnet.

– Vi kjem nok til å komme og slite litt på stolane, seier ho til NRK.

Berre ei dryg veke etter at kontrakten blei signert, blir det taktskifte i huset. Til helga blir det framføring av førestillinga «Blått svev» og eit bokbad om Septologi-bøkene.

Jesus-biletet over scenen må bort no, fortel NRK. Men korset ved inngangsdøra få vere der ei stund til, etter førespurnad frå ein eldre bedehusgjengar.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur