Kultur

Høyr religionsredaktør Elise Kruse i morgonandakta

ANDAKT: – Eg håper eg kan utvide rommet vi har til å snakke om tru, seier religionsredaktør Elise Kruse, etter å ha halde morongandakta på NRK P1 denne veka.

– Det var både veldig stas og ganske skummelt, fortel Kruse om første runde som andaktshaldar i NRK.

Ho er den seinaste av fleire Vårt Land-redaktørar gjennom historia, som har heldt andakt på NRK P1. Veka før henne var det Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk som møtte lyttarane på morgonkvisten.

For Kruse blei det noko heilt nytt, då ho strengt tatt aldri har halde noko andakt før.

– Dersom ein ikkje reknar med då eg var 12 år, søndagsskuleassistent og blei utfordra til å halde andakt med ballongdyr som utgangspunkt. Dette er jo noko litt anna, kan du seie.

«Godt, gammaldags vitnesbyrd på bedehuset»

Sidan 1931 har Morgonandakta blitt sendt på NRK. Då Vårt Land såg nærare på fenomenet i 2019, 88 år etter oppstarten, meinte sokneprest Nils Terje Andersen at andakta heldt ryktet om Jesus levande i det offentlege ordskiftet.

– Ei god radioandakt er som eit godt, gammaldags vitnesbyrd på bedehuset, djupt personleg og ektefølt, sa Andersen då.

NRK fortalde òg kva dei ønskte frå andaktshaldarane: Kristne menneske, som også er gode historieforteljarar, fortalde produsent Hannes Næss Tremoen.

Ønskjer å formidle nært og ærleg

Dei kriteria oppfylte Vårt Lands religionsredaktør Elise Kruse. Ho fortel at ho er oppvaksen med Morgonandakta til frukost.

– Men i vaksen alder har det variert kor fast eg har lytta til den. Det har oftast blitt når det er nokon eg kjenner, eller nokon som vekker litt ekstra merksemd, har haldt den.

Frå Vårt Land har kommentator Åste Dokka, som for tida er vikarprest i Oslo domkyrkje, ofte vore innom Morgonandakta. Kruse seier er tydeleg på kva ho ønskjer å formidle:

– Eg håper eg kan formidle noko nært og ærleg om tru og tvil, som kan vere med på å utvide rommet vi har til å snakke om tru i det offentlege. Det er når dét skjer at Morgonandakta er på sitt beste, synest eg.

Høyr dei fire andaktene her

Morgonandakta måndag 27. september:

Morgonandakta tysdag 28. september:

Morgonandakta onsdag 29. september:

Morgonandakta torsdag 30. september:

---

Morgonandakta

  • Radioprogram på NRK, sendt første gong 9. mars 1931 klokka 11:15.
  • Den første radioandakta blei gjennomført av biskop Bernt Støylen.
  • Frå 1947 blei andakta sendt på morgonen.
  • Om lag 300.000 menneske lyttar til andakta på NRK P1 kvar morgon.
  • Andakta blir sendt frå måndag til torsdag kvar veke, klokka 05:33, 07:20 og 08:20 i distriktssendingane.
  • Andakta varer i tre minutt, inkludert Fader vår og velsigninga.

---


Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur