Kultur

Atlantic Crossing nominert til Emmy

NOMINERT: NRK-dramaserien Atlantic Crossing er nominert til Emmy-pris.

Serien er nominert til den internasjonale Emmy-prisen i kategorien beste TV-film eller miniserie. Det blei klart då nominasjonslistene blei presentert torsdag.

– Vi er så stolte av dei nominerte, frå rekordmange land, seier Bruce Paisner, president og administrerande direktør i International Academy of Television Arts & Sciences.

Atlantic Crossing kjempar om pris mot den britiske TV-serien Des, den sørkoreanske TV-serien Saikojiman Gwaenchanha (It’s Okay to Not Be Okay), og den brasilianske TV-serien Todas as Mulheres do Mundo (All the Women in the World).

I alt er det 44 nominerte frå 24 land. Frå Noreg er altså TV-serien Atlantic Crossing, som handlar om flukta til kronprinsesse Märtha til USA under den andre verdskrigen.

Norsk- og utanlandsk stjernegalleri

Serien hadde premiere på NRK i oktober 2020, og følgde kronprinsesse Märtha, spelt av Sofia Helin, og hennar innsats for Noreg. Hennar motpart, kronprins Olav, blir spelt av Tobias Santelmann – også kjend frå Oscar-nominerte Kon-Tiki, filmen Mordene i Kongo og TV-serien Exit.

I serien møter vi òg stjerneskodespelar Kyle MacLachlan, kjend frå mellom anna TV-seriane Twin Peaks, Sex og singelliv og Frustrerte fruer, i tillegg til ei lang rekkje filmar dei siste 40 åra.

MacLachlan spelte mellom anna i den utskjelte Dune-filmen av David Lynch frå 1984. I 2021 har filmen komme ut i ny utgåve, til betre kritikk. I Atlantic Crossing spelar MacLachlan den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt.

Har fått historisk kritikk

Trass i Emmy-nominasjon i USA, blei Atlantic Crossing ikkje tatt spesielt godt imot i Noreg. VG meinte at serien «mislykkes både som biografi og fantasi», Dagbladet omtalte serien som ein «Intetsigende såpeopera», medan Aftenposten meinte at serien «går seg vill i stiv dialog og tvilsom fantasi».

Nettopp fantasi-kritikken har gått igjen. TV-serien er basert på ekte hendingar, men har blitt kritisert frå mange hald for å ha gått for langt ved å dikte opp ting. Forfattar Tor Bomann-Larsen, som har skrive biografi om Kong Haakon, meinte at serieskaparane tukla med historiske fakta.

«At kronprinsesse Märtha skal ha «endret krigens kurs» er noe nytt», skreiv Bomann-Larsen i eit innlegg på NRK Ytring.

Serien fekk seinare kritikk i Kringkastingsrådet, for å ta seg for mykje fridom i historieforteljinga.

Regissør Alexander Eik har sjølv forsvart serien. Til NRK vedgjekk han at fem års krigshistorie hadde blitt både forenkla og litt endra, men meiner at kronprinsesse Märtha spelte ei viktig rolle i møte med president Roosevelt.

– Der har vi gjort mykje research og det er masse, du kan kalle det både bevis og indisium då, på at ho hadde stor påverknad, sa Eik.

Uavhengig av både dårlege meldingar frå norske medium og historisk kritikk, er serien altså no nominert til ein høgthengande Emmy-pris. Utdelinga vil finne stad i New York måndag 22. november.

---

Atlantic Crossing

  • Drama på NRK, premiere 25. oktober 2020.
  • Manus: Alexander Eik og Linda May Kallestein
  • Med: Sofia Helin, Tobias Santelmann, Kyle MacLachlan, Anneke von der Lippe, Søren Pilmark
  • Regi: Alexander Eik og Janic Heen

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kultur