Kultur

Slipp album på julaften

MUSIKK: Artist og tekstforfattar Anne Lande slipp albumet «Likevel er du her» på alle strømmeplattformer, som ei julegåve til dei som måtte ha glede eller interesse av det.

Sjølv om tematikken i albumet ikkje direkte handlar om jul og julefeiring, ønskjer Anne Lande at Likevel er du her skal kunne vere eit supplement til ei tradisjonell julefeiring. Albumet tar for seg opplevinga av nærvær og fråvær, spesielt knytt til dei som ikkje er fysisk blant oss lenger. Ho trur det kan vere noko mange kjenner på i juletida.

– Jula er ei familiehøgtid og eg trur mange er spesielt vare på korleis strukturen i familien og dei nær oss endrar seg over tid - korleis nærværet og fråværet av dei kring oss påverkar oss. Det å miste nokon som står oss nær kan også for mange av oss opplevast som å miste noko av oss sjølve, seier Lande.

Kyrkjene som varme rom

Trass at mange opplever jula som travel, ser ho at høgtida også er ei fin tid for å søke stilla og freden, og gi høve for å ta innover seg livet og tilværet slik det er.

– Eg håper dette albumet kan vere eit tilbod og tilskot til nokon av dei som finn tid til å setje seg ned, undre og søke inn mot ein form for ro, seier ho.

Anne Lande har blant anna med seg komponist og mangeårig samarbeidspartnar Per Husby på albumet. Saman har dei turnert kring det ganske land i alle krikar og krokar. Pandemien har gjort det vanskeleg, men håpet er at det snart skal vere mogleg å formidle musikk og poesiopplevingar igjen. Lande fortel at for dei har kyrkja blitt naturlege og gode rom å dele opplevingar av musikk og poesi i.

– Eg erfarer mange av kyrkjene våre som særs inkluderande og varme rom, som er opne for dei store allmenne eksistensielle spørsmåla. Desse kan få stå utan å ha konkrete svar – som ein aksept av at desse spørsmåla og eit slik søk bor i oss menneske, seier Lande.

---

Album: Viser/Jazz

Likevel er du her

Album av Anne Lande, med Per Husby og flere gjesteartister

Utgitt på Largoland, 24.12.2020

---

Likevel er du her

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur