Kultur

Meisteren Per Olov Enquist er død

Ein av dei store forfattarane frå det førre århundret er borte. ­Oppveksten i eit djupt religiøst miljø sette tydelege spor i forfattarskapet til Per Olov Enquist.

Laurdag sovna Per Olov Enquist­ (1934–2020) stille inn etter å ha vore sjuk i lengre tid. Han var ein sjeldan skatt, ei unik, litterær stemme som aldri slutta å utforske utanforskap og kven det er som får lov til å fortelle sanninga.

Enquist vaks sjølv opp i Västerbotten, nord i Sverige, i eit religiøst miljø prega av pietisme. Det religiøse alvoret­ frå oppveksten er tydeleg til stades i fleire av bøkene han skreiv. Far hans døydde før Enquist fyllte eitt år, og i salmeboka stod helsinga frå faren: Per Olov, bli en kristen.

Gjennombrotet

Enquist debuterte­ i 1961, og allereie i 1968, med ­Legionærene, fekk Enquist Nordisk råds litteraturpris. Boka er eit tidleg eksempel på korleis Enquist lar ­dokumentar og roman gå hand i hand mens han fortel om små liv som speler seg ut på det store, ­historiske lerretet.

Opp gjennom livet skulle Enquist slite med alkoholisme, noko han ­nådeslaust og ærleg skriv om i Et annet liv, den hylla sjølvbiografien som kom i 2008. Samtidig med dette, skulle Enquist skrive fleire store og viktige romanar, i tillegg til å få suksess med dramatikk for teater. Det store internasjonale gjennombrotet kom først i 1999, eit tiår etter han var tørrlagt, med boka dei fleste tenker på når dei høyrer namnet hans: Livlegens besøk.

Kongens mann

Livlegens besøk er ein historisk roman som rehabiliterte ein av dei største skurkane i dansk historie, Johann Friedrich Struensee, som klatra heilt til dei ­øvste makttindane som livlege for den unge og sinnsjuke kong ­Kristian VII (1749–1808). Struensee vart avretta på grotesk vis i 1772, og forsvann inn i historiebøkene som ein kuppmakar.

Enquist gjorde Struensee til ein mann av opplysningstida, ein tidleg forkjempar for ytringsfridom og ein motstandar av det religiøse maktapparatet i den danske staten. Det er vanskeleg å ikkje bli glad i både den rasjonelle Struensee og den ­stakkarslege kong Kristian. Sjølv om Livlegens besøk i enkelte parti kan vere melodramatisk, er boka ­gnistrande når Enquist skildrar dei ideologiske kampane og det indre hofflivet rundt kongen.

Meisterverket

Kven har rett på sanninga? Spørsmålet blir ikkje berre­ stilt i Livlegens besøk, men går igjen i fleire av dei store verka til ­Enquist. Ikkje minst i det som kanskje er hans beste roman.

Kaptein Nemos bibliotek kom ut i 1991, og Enquist har sjølv sagt romanen var eit bevis på at han framleis kunne skrive og at han ikkje hadde «supit bort skallen».

Kaptein Nemos bibliotek er verkeleg ei underlege historie, frå Västerbotten, nord i Sverige, kor to barn blir bytta om ved fødsel. Fire år gamle blir dei bytta tilbake, og der startar­ denne­ boka som aldri sluttar å ­fascinere ­eller røre oss, om gutane som lev ved sida av kvarandre i eit skjebnetungt fellesskap i dei nord-svenske skogane Kven er det som får lov til å fortelle den endelege, sanne historia om det som skjedde?

I åkeren med Pethrus

Det er ­mykje undring i bøkene til Enquist. Og sjølv om Enquist alltid ligg nær sakprosaen og historiefaget, så er det nettopp i denne undringa at han som romanforfattar trer fram.

I Lewis reise (2001), som fortel ­historia om Lewi Pethrus, grunnleggjaren av pinserørsla i Sverige, er det ei scene der Pethrus og forfattaren Sven Lidman, går inn i ein kornåker. Enquist lar oss ikkje sjå kva som skjer, han prøver ikkje ein gong å dikte seg inn dit. Han lar det vere, seier dei forsvinn inn i åkeren, og kjem ut att, og noko er forandra. Enquist undrar seg saman med oss om det er her lekpastoren Pethrus og kulturradikalaren Lidman finn fram til kvarandre.

Denne scena er typisk for Enquist, for det er i det vi ikkje ser, men ­likevel forstår, det episke i romanane hans ofte ligg.

Et eige blikk

Per Olov Enquist brukte romanen til å utforske. ­Ingen unge forfattarar eller studentar ved litteraturvitskap vil gå med på at ­Enquist høyrte til avantgarden. Men dei fleste romane hans var litterære eksperiment, pakka inn tradisjonell romandrakt.

Sjølv synes eg ofte dei er vanskelege å tre inn i. Enquist skriv utan omsyn til at vi skal forstå alt eller kunne forstå alt. Og det gir meining. For om kvart menneske er ulikt, om kvart menneske har sine ord, sitt blikk, kvifor skal alle historier da bli fortalt likt?

Labyrint utan utgang

Så til tross for at dei fleste av bøkene til Enquist har sine historiske kontekstar, sine verkelege hendingar og personar, handlar dei om den labyrinten av ­tankar, kjensler, nederlag, sigre, som utgjer eit menneskeliv. Labyrinten har ein inngang, men ikkje nødvendigvis ein utgang. Utgangen er for godt gøymt i menneskesinnet.

«Før hadde jeg en hemmelig drøm om at man kunne legge sammen alt mulig, sånn at alt ble ferdig og kunne­ lukkes igjen», skriv Enquist. Rett ­etterpå svarar han: «Men det ville jo være mot bedre vitende. Mot bedre vitende er imidlertid en god måte å ikke gi opp på. Visste vi bedre, ga vi opp.»

Trøst og varme

Per Olov Enquist var ein forfattar som skreiv meisterleg og med trøst og varme om det vonde og det håplause. Og kanskje er det berre nokon med ei djupt religiøs oppvekst, som kunne skrive dette:

«Gjenoppstå, det kan man jo bare selv, og i dette jordeliv. Det var vel det jeg forsto til slutt. Enklere enn det er det ikke. Men hvem har sagt at det skal være enkelt.»

• Lars Petter Sveen er forfattar, og fekk i 2015 P. O. Enquists pris for ­romanen Guds barn.

LES OGSÅ:

Enquist om kjærlighetens urkraft

Om troens kraft, troens svik og om kvakksalveriet

---

Fakta:

  • (1934–2020) Svensk forfattar og ­dramatikar.
  • Debuterte i 1961 med romanen ­Kristallögat.
  • For Legionærene. En roman om ­utleveringen av balterne fekk han ­Nordisk råds litteraturpris i 1969.
  • I 1999 og 2008 fekk han den svenske­ Augustprisen for Livlegens besøk og sjølvbiografien Et annet liv.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur