Kultur

Disney lanserer si første jødiske prinsesse

Godt tima med årets hanukka har Disney introdusert sjåarane for ei jødisk prinsesse.

Den jødiske prinsessa dukka opp i Disneychannel–serien «Elena of Avalor».

I episoden først vist 6. desember med namnet «Festival of Lights», blir den fiktive prinsesse Rebecca og familien hennar gjenstand for storm idet dei skal seile heim til Galonia, eit jødisk inspirert kongerike, for å feire hanukka.

Hovudkarakteren prinsesse Elena inviterer den skipbrotne familien heim til palasset for å feire og lære dei om den jødiske tradisjonen. Gjennom song og det som kan høyrast ut som tradisjonell, jødisk musikk, introduserer prinsesse Rebecca den jødiske høgtida til den fiktive vertsfamilien. I songen skildrar prinsessa også på subtilt vis deler av strida som folket hennar har vore offer for.

Latinamerikansk kultur

– Idet me idémyldra til ein ny episode bestemde me oss å fokusere på hanukka og på ein kultur me ennå ikkje hadde vist fram, seier skapar og produsent Craig Gerber til nettstaden Remezcla.

I serien er hovudkarakteren ei latinamerikansk prinsesse med namnet Elena Castillo Flores. Når ho først dukka opp på tv-skjermane i 2015 var det mange som såg på ho som den aller første latinamerikanske prinsessa. Serieuniverset hentar inn eit breitt sett med kulturelle element i hovudsak frå latinamerikansk kulturtradisjon og gir som nemnd no også plass til ei jødisk prinsesse i serien.

- Det har alltid vore viktig for oss å vise fram breidda i latinamerikansk kultur, seier serieskaparen.

Respons

Blant sjåarar har responsen vore positiv.

- Eg har sett mange jule- og høgtidsfilmar om prinsesser, men det er første gong eg har sett at prinsessa deler den same tradisjonen som meg, skriv Lisa Dawn på bloggen hennar The Princess Blog.

- Dette er så viktig fordi det normaliserer jødedommen og det viser til yngre sjåarar at ikkje alle eventyrprinsesser feirar jul. Eg elskar at Disney ønsker at jødar som meg skal føle seg sette. Eg skulle ønske å sjå ein heil film om ei jødisk prinsesse ein gong, skriv ho.

Skodespelaren bak stemma til den jødiske prinsessa, Jamie–Lynn Sigler, fortalde om lanseringa på Twitter tidlegare i år.

- Eg er stolt over å spele stemma til den første jødiske disneyprinsessa, skreiv ho.

Sigler har sjølv jødisk avstamming og er gjerne betre kjent gjennom karakteren Meadow, dottera til Tony Soprano, som ho speler i gangsterserien Sopranos.

Utviding

Dei veltredde i disneyuniverset er truleg visse om at ikkje alle karakterane gjennom historia er like tålelege i dagens lys. Mange hugsar kanskje dei svarte slavane og kråkene frå filmen Dumbo, eller då ulven i Dei tre små grisane kler seg ut som ein karikert jødisk kramkar. Opphavsmannen sjølv, Walt Disney, skal av fleire blitt skulda for antisemittisme.

Ein kan sjå den no lanserte jødiske prinsessa i lys av ei utviding av det etniske og religiøse karakterutvalet i Disney. Mange ser på det som eit forsinka korrektiv til dei tidlegare rasistiske karikaturane og dei utelukkande kvite prinsessene frå til dømes Snøhvit eller Askepott.

Sjåarar har blitt vitne til fleire varierte prinsessefigurar som Jasmin frå Aladdin, kinesiske Mulan, urinnbyggjaren Pochahontas, den afroamerikanske prinsesse Tiana i eventyrmusikalen Prinsessen og frosken og hawaiiske Moana frå filmen med same namn frå 2016.

Disneyprinsesse

Trass endringane heng det framleis igjen generelle oppfatningar om korleis ei prinsesse skal sjå ut. Charu Uppal er mediesosiolog ved Karlstad universitet i Sverige og har forska på effektane som prinsessestereotypien har hatt på unge jenter. Ho bad 140 jenter i alderen frå 8 til 15 år frå fem forskjellige land - USA, Kina, Fiji, India og Sverige - om å teikne ei prinsesse.

Resultatet var oppsiktsvekkande. 61 ut av 63 teikningar var av ei kvit prinsesse, liknande dei frå Disney. Ingen av jentene teikna ei prinsesse i klede frå deira eigen kulturelle tradisjon.

Appal ser lanseringa av den jødiske prinsessa som ein del av eit forsøk frå Disney om å utvide prinsessekategorien. Trass forsøket tyder studien hennar på at Disney framleis reproduserer europeiske ideal. Dei er knytt til hudfarge, kroppsfasong og oppførsel. Ho ser at prinsessene har europeiske ansiktstrekk og ein utettervendt veremåte.

- Dei prøver hardt, men dei må nok prøve endå hardare viss dei skal lukkast med forsøket deira, seier Appal.

LES OGSÅ:

Jødehets stod på skoleporten i månedsvis

– 2019-versjonen av Aladdin er et kynisk produkt med sjarm som en kjederestaurant, sier vår anmelder

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur