Kultur

Etterlyser ­endringar på exphil-pensum

Avkoloniseringsdebatten har ikkje ført med seg konkrete pensumendringar. – Vil bli eit sentralt tema på universiteta til hausten, fortel SAIH.

– Sjølv om ein ikkje ser store endringar på pensumlister heilt enno, er det ikkje slik at ingenting skjer. Folk danner nettverk, utvekslar kunnskap og erfaringar og tek opp kritiske spørsmål i samanheng med avkolonisering.

Det seier forskingssjef ved Institutt for fredsforskning (Prio) Cindy Horst om etterverknadane av den intense avkoloniseringsdebatten som ho var med å lansera sist år. Ho var med på å lansera debatten om avkolonisering av akademia, kor dei blant anna lyste ut større mangfald av ikkje-vestlege­ tenkarar på pensumlister.­ Ho ser konturar av endringar etter ­debatten, men då spesielt i institusjonar utanfor akademia.

– På enkelte museum og innanfor kunst og teater har dei tatt opp spørsmål som er knytt til avkoloniseringsdebatten, seier ho.

Horst meiner at heile akademia burde sjå kritisk på sin eigen kanon, men ser at exphil, i rollen som i eit tverrfagleg introduksjonsemne i filosofi, etikk og vitskap, burde vera spesielt eigna for å inkludera slike perspektiv.

LES MER: Religionsforsker: 'Akademia kan lære av oss'

SAIH

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) var i lag med Cindy Horst sentrale i lanseringa av debatten i fjor. Leiar for SAIH, Sunniva Folgen Høiskar fortel at idet debatten roa seg litt i ­media så tok den ein større rolle­ på campus på dei forskjellige universitetene. Dei er glade for debatten, sjølv om han til tider var svært polarisert. Meir vil skje framover kan ho fortelja.

– Hausten kjem til å ha fleire arrangement med avkolonisering som sentralt tema, seier ho.

Høiskar fortel at SAIH har jobba­ med å konkretisere nærmare kva avkolonisering kan innebera, i tillegg til å jobba med konkrete råd, verktøy som vil jobbe med problematikken.

– Debatten i fjor spora av til å bli lite konstruktiv og prega av aktive misforståingar. Gjennom ein konkretisering av omgrepet vil nok motsetningene ikkje forsvinne, men antagelegvis bli ­mykje mindre, seier ho.

Ho meiner akademia burde vera opme for å inkludera andre­ perspektiv, også de som er kritiske til den etablerte kanon.

– Det har tidlegare vore liknande debattar om å få inn fleire kvinner til dømes. Fag som Ex­phil burde vera opne for å inklud­era nye sjølvkritiske ­perspektiv, seier ho.

Exphil

Einar Duenger Bøhn er filosofiprofessor på Universitetet i Agder og leiar i i det nasjonale fagrådet for filosofi og idéhistorie som inkluderer exphil. Dei er eit rådgivande nasjonalt organ for lærestadene som tek opp diskusjonar om blant anna pensumlister. Han fortel at slike diskusjoner heile tida er til stades blant dei som jobber med det.

– Idet debatten stod på var ikkje dette nokon ny problematikk for oss, fortel Bøhn.

I oktober vil det vera eit nytt nasjonalt møte, kor Bøhn antar at pensumlister også i lys av avkolonisering vil bli tatt opp. Den vil antalegvis kome på line med andre synspunkt, fortel han.

Han understreker at dei ulike lærestadene har forskjellig ex­phil-pensum og at det slettes ikkje er slik at pensumlister er hugga i stein.

– Skal akademia kunne la seg endra etter press utanfrå?

– Akademia må sjølvsagt ta del i og lytte til det som blir sagt av allmenta om akademia, samstundes som akademia heller ikkje kan gi etter på vegne av faglig integritet, fortel Bøhn.

Han meiner mange overser den kritiske sansen til dei professorane som foreles.

– Det er jo ikkje slik at foreleserane ikkje er kritiske til det dei underviser om, seier Bøhn.

LES OGSÅ: Vil skrive Afrika inn på kartet.

---

Avkoloniserings-

  • Debatt innanfor akademia i Noreg som blei lansert av forskarar frå Prio i fjor ­sommar.
  • Dei meinte at grunnidear i moderne vitskap oppstod på samme tid som Europa hadde underlagt seg store koloniar, og at problematiske synspunkt frå den tida hang igjen i fagdisiplinane.
  • Initiativtakarane etterlengta blant anna ein kritisk gjennomgang av den vitskaplege kanon og ønska eit større mangfald av ikkje-vestlege akademikarar på pensumlistene.
  • Mange av motstandarane påpeikte at omgrepet avkolonisering var lite konkret.
  • Andre meinte òg at avkolonisering angriper den vitskaplege grunnideen om at det er mogleg å koma fram til universell gyldig kunnskap.

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur