Å skrive på morsmålet var ein framand tanke

– Forfattarar kan seie så mykje dei vil at ei bok ikkje handlar om politikk, men bøker vil alltid avsløre maktstrukturane i eit samfunn, seier den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o.

Den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong'o besøkte Sigrid Undset-dagane på Lillehammer denne våren. Han håper at afrikanske forfattarar blir meir synlege i framtida, og at Kenya og Aust-Afrika vil spele ei viktigare rolle i verda.
Publisert Sist oppdatert

Ngugi wa Thiong’o debuterte i 1962, året før Kenya etter årevis med opprør fekk sjølvstende frå britane. Landet hadde vore britisk koloni sidan 1895. Han markerte seg tidleg som ei viktig samfunnskritisk røyst og har fått enorm betyding for fremjinga av afrikansk kultur og språk. I dag blir han ofte nemnd som kandidat til å få Nobelprisen i litteratur.

Eit halvt hundreår etter at dei først kom ut i Kenya, er romanane The River Between (1965) og A Grain of Wheat (1967) no omsette til norsk. Hvetekornet kom i 2015 og Elven som skiller no i vår. Vårt Land møtte han imellom slaga på Sigrid Undset-dagene på Lillehammer tidlig i juni.

– Kvifor desse bøkene kjem ut i Noreg først no, veit eg ikkje, men eg er veldig glad for det! seier wa Thiong'o.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP