Kultur

Margaret Atwood kallar til handling for rettferd og miljø

Prisvinnande forfattar Margaret Atwood ber folk støtte kristen organisasjon i kallet til å redde verda før det er for seint. – Ein kan ikkje skilje mellom indre tru og ytre handling, seier forfattar Freddy Fjellheim.

«No, meir enn nokon gong, er det viktig at folk kjem saman i arbeidet for å redde planeten vår. Det er ikkje sikkert vi får nokon ny sjanse», skriv den prisvinnande, kanadiske forfattaren Margaret Atwood i ei pressemelding der ho ber folk støtte den amerikanske, kristne, aktivistiske organisasjonen Sojourners i kampen mot undertrykking, fattigdom og klimaøydeleggingar. Sjølv har ho gitt 10.000 dollar, og ho oppmodar e-postmottakaren til å hive seg med: «Join me – now is the time.»

– Eg blir alltid overlykkeleg når eg ser at bodskapen vår finn gjenklang hos folk, overalt i verda, seier Sojourners-leiar Jim Wallis til Vårt Land i ein e-post.

Det betyr mykje for dei å ha Margaret Atwood med på ­laget. Ho blir ofte nemnd i same ­andedrag som Nobels litteraturpris, og ho er internasjonalt kjent både for forfattarskapen sin og for eit enormt engasjement for menneskerettar og miljø – både i og utanfor litteraturen.

– Vi set stor pris på Margarets arbeid som ein leiar internasjonalt og det ho har bidratt med som miljøaktivist. I Sojourners trur vi på at Jesus kallar oss til eit større ansvar, særleg overfor dei mest sårbare i samfunnet, 
og vi håper og ber om at fleire skal følgje dette kallet, seier Wallis.

LES OGSÅ: Den glemte kristenfløyen

Nestekjærleik

Sojourners, som i dag har sete i Washington D.C., består av engasjerte kristne på tvers av kyrkjesamfunn som arbeider for åndeleg fornying og sosial rettferd. Dei vil vekk frå den intensjonelle kristendommen og over i ein aktivistisk, noko dei først og fremst gjer gjennom kritisk journalistikk og kommentarstoff i magasinet med same namn.

Organisasjonen har røter tilbake til 70-talet, men har med åra fått ei tydelegare og meir ambisiøs målsetting: Dei skal kjempe for dei 11 millionane ­papirlause innvandrarane i landet, mot alle former for sex­isme, dei vil følgje og støtte Black Lives Matter-rørsla og stille dei politiske leiarane og Trump-administrasjonen til ansvar for dei økonomiske ulikskapane i landet. Ikkje minst vil dei få folk til å forstå korleis dei øydeleggande klimatiske forandringane går verst utover dei fattige.

Nestekjærleiken i kristen­dommen ber i seg eit kall om at vi må handle for å hjelpe dei som ikkje har det like godt som oss. Det er også Atwoods grunn­gjeving i e-posten: Nestekjærleiken er motivasjon for å hjelpe 
dei fattigaste, dei som blir 
dei første ofra for klimaøyde
leggingane. Og vi må handle no.

LES OGSÅ: Hyrder i klima­krisens tid

Passiv dogmatikk

Koplinga mellom kristendom og aktivisme er på ingen måte ny, men ein stadig meir kritisk klimasituasjon og politiske omveltingar dei siste åra gjer at stadig fleire engasjerer seg aktivistisk, gjerne på tvers av kyrkje- og trussamfunn. Det har vakse fram fleire tverrkyrkjelege rørsler som vil ta kristendommen tilbake frå den passive dogmatikken, rørsler som har kontemplativ gudsdyrking og arbeid for dei fattige i sentrum.

– Dei nye rørslene tar eit oppgjer med den lukka spiritualiteten, og har fellesskapet med dei fattige meir i fokus, seier Freddy Fjellheim (bildet), poet og litteraturkritikar. Han er også redaktør for Forfatternes klimaaksjon, som består av forfattarar, kunstnarar, kritikarar, omsetjarar og journalistar, som skriv med eit utgangspunkt i Grunnlovas paragraf 112: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.»

Forfattar og kritikar Freddy Fjellheim meiner norske forfattarar er redde å ta innover seg dimensjonane av klimakrisa.

Fjellheim viser blant anna til boka Occupy Spirituality der forfattarane Adam Bucko og Matthew Fox kallar oss til å handle, til å oppdage ei åndelegheit som skal hjelpe oss å kjempe for ei meir rettferdig verd.

– Ein skal ikkje lenger vere avgrensa til ein kyrkjelyd eller ein krets av truande, men gå ut og leve blant dei fattige, på tvers av kyrkjesamfunn og i somme tilfelle religionar. «Eit kloster utan veggar», seier Bucko og Fox. Ein må ikkje gro fast i institusjonen. Det er kristendommens radikalitet, seier Fjellheim, som og ­understrekar at dei truande treng det kontemplative livet i det kristne fellesskapet for å hente styrke.

LES OGSÅ: Vil gjøre bekymring til handling

Indre tru og ytre handling

Fjellheim meiner det kan vere ein fare innebygd i dette med å tilbe, dyrke og tru.

– På den eine sida kan det lett gi ei indre tilfredsstilling som gjer at ein blir passiv. På den andre sida kan det freiste til fraternisering med makta. Det kjempast stadig ein kamp for å frigjere trua frå denne passiverande mekanismen, for å få folk til å skjøne at du ikkje kan ha ei privat tru, at ein ikkje kan skilje mellom indre tru og ytre handling, seier Fjellheim.

Dialektikken mellom indre kontemplasjon og ytre handling meiner han stammar frå ur-kristen tid, Jesus sjølv slo seg aldri til ro på ein stad, han risikerte livet og sette all komfort til side, for å vere blant folket og forkynne.

– Sjølv om kyrkja har vore på i klimasaka, er det ingen sosial­ aksjonisme å spore hjå norske predikantar. Det er påfallande at preika ikkje har klart å ­mobilisere kyrkjelyden til anna enn kyrkjekaffien når heile skaparverket står på spel.

LES OGSÅ: Engasjert kunst er den nye vinen

Rein litteratur?

Eit kall til å mobilisere er noko vi tydeleg kan spore også i Margaret Atwoods bøker. No er ho aktuell som konsulterande produsent i HBO- serien The Handmaid's Tale, basert på romanen hennar med same namn, som skildrar eit totalitært USA prega av store miljø­øydeleggingar og konsekvensane av det.

###
Atwoods roman The Handmaid’s Tale frå 1985 skildrar eit totalitært USA prega av store miljø­øydeleggingar og konsekvensane av det. Boka er aktuell som TV-serie. Foto: Take Five/Hulu/frå serien 

– I Noreg er det ikkje like vanleg å sjå ein forfattar skrive så tydeleg aktivistisk, heller ikkje om klimasaka?

– Eg har jobba i fire år med å få prosaforfattarar til å støtte klimaaksjonen, men det er vanskeleg å få dei til å forstå at det å skrive om miljøet ikkje er å skrive politisk på den måten som forflata litteraturen på 70-talet, seier Fjellheim.

Han meiner at det skuldast ei frykt for å ta innover seg dimensjonane av klimakrisa, forkledd som ein tanke om at litteraturen skal vere rein.

LES OGSÅ: Orda kan redde jorda

Språkleg risiko

Fjellheim ser ingen motsetnad mellom å skrive kontemplativt og aktivistisk.

– Eg meiner vi ikkje har noko val no som vi er inne i ein heilt ny naturhistorisk situasjon. Dette handlar om vårt menneskebilde­. Vi må skrive om det, sjå kor ­mykje språket kan tole.

Fjellheims erfaring er at det er lettare å be poetar enn fiksjonsprosaforfattarar.

– Prosaforfattarane er i større­ grad enn poetane opptatt av å fortelje. Klimaproblematikken er ­allereie eit narrativ, så korleis kan ein prosaforfattarar inkludere det utan å miste sin originalitet? Men prosaforfattarane må prøve­, ­meiner eg. Ein må orke å leve i språkleg risiko, ikkje sitje og vente­ til røynda tilpassar seg språket 
eller eins litterære prosjekt.

– Er det lettare å få med forfattarar med ein kristen bakgrunn og ei kristen tru?

– Eg har ikkje nokon stati­stikk på det, men eg trur at folk som har ein slags trusdimensjon seier fortare ja til ting som handlar om rettferd, sjølv om dei må gjere noko ukjend. At dei ikkje avgrensar seg til oppgåtte løyper og heller tenkjer: Kan dette føre til endring?

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur