Ta songen tilbake i skulen!
Fire av ti skular i Storbritannia er såkalla «syngande skular». Norske lærarar burde ikkje ha ein lågare ambisjon.
I 1952 var mange av jentene på Sagene skole i Oslo med i kor. Skulen har i lang tid vore ein særs viktig arena for song i Noreg. Inntrykket mitt er at songen i seinare tid har vore på hovudstups veg ut av skulen, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Scanpix
Nordmenn er eit syngande folk. Songen sit djupt i oss, det ser vi ikkje minst av interessa for songtilbodet på radio og fjernsyn. 2,2 millionar av oss var innom «Salmeboka minutt for minutt» på NRK2 i fjor haust. Engasjementet rundt programmet Sangtimen er for tida stort, ikkje minst blant dei litt eldre. Og ungdommen kappast om å bli med i songkonkurransar som The Voice på TV 2.
Kvar einaste veke går det føre seg ei lang rekke songarrangement rundt ikring i landet. På Nøtterøy har dei vore i gang med Korskolefestivalen 2015 sidan mars. Med Kristin Vold Nese som ei drivande kraft finst det kortilbod for både liten og stor på Nøtterøy. For ikkje lenge sidan hadde Ungdomskantoriet (frå 8. klasse og oppover) konsert saman med Noregs beste kor, Det Norske Solistkor. Det er klart at ei slik satsing gir både engasjement og glød som påverkar lokalsamfunnet positivt.
Eit anna aktuelt og positivt arrangement er jubileumskonserten til St. Sunniva skole i Oslo, som blir arrangert i Oslo konserthus i morgon. Den katolske skulen i Oslo er 150 år i år, og skulekora deltek på feiringa.
Bestill abonnement her
KJØP