– Kvinna er nærare det musikalske
Spelemannen Knut Hamre meiner det feminine er nærare musikken.
Mange av Knut Hamre sine elevar er i dag rekna blant dei fremste folkemusikarane i Noreg. Biletet er av Knut Hamre og Benedicte Maurseth i 1994. Maurseth var elev på musikkskulen i Eidfjord.
Frå boka Å vere ingenting.
Knut Hamre har levd i folkemusikken heile sitt liv. Blant dei han har lært av og dei han har lært til. Han opplever at det feminine er nærare det musikalske enn det maskuline er.
– Mannen er kanskje reddare og skal vakte ei rolle. Det er noko eg ser også blant borna. Når kvinnene veks opp, er dei ikkje så redde for å bruke alle element i sjelelivet som mannen. Han skal syne at han er sjefen i eit eller anna hierarki, seier Hamre.
Dei siste tretti åra har talet på kvinner som speler fele eksplodert slik at det no antakeleg er fleire jenter som speler fele enn gutar.