Vi må snakke om jødehatet i Midtausten
Ein del av reaksjonane på Hamas-terroren er menneskefiendtlege. I botn ligg det òg ein livsfarleg antisemittisme.
ANTISEMITTISME: Ild og røyk stig etter eit israelsk luftåtak i Gaza by sundag 8. oktober.
Fatima Shbair / AP / NTB
Medan eg skriv dette sit eg på flyet ut av Tel Aviv. Framleis er vi i israelsk luftrom og få kilometer lenger sør treff rakettane som haglskurar. Under meg ligg livredde born i kjellarar og klamrar seg til ei mor, medan far er på veg til krigen. Slik er det på begge sider, og det har vore det så lenge folk her kan hugse.
Det som skjedde denne helga var annleis. Dei vondskapsfulle ugjerningane til Hamas manglar sidestykke i moderne historie. Det einaste som liknar er menneskeslaktinga under kalifatet til Den islamske staten (IS) i Syria og Irak. Omfanget i Hamas-terroren var større enn dei aller fleste åtak dei siste tiåra.
Haldningar langt unna humanismen