Verdas viktigaste bok har fått ny drakt

Det er grunn til å feire når Bibelen no kjem ut i revidert norsk utgåve. Deretter kan vi starte kranglinga og diskusjonane på nytt.

NY BIBEL: Torsdag 14. mars kjem den nye bibelrevisjonen, Bibel 2024. Ei av utgåvene, den såkalla Folkebibelen, er blitt utsmykka med kunst av blant andre Edvard Munch.
Publisert Sist oppdatert

Endeleg er Bibel 2024 her! På torsdag kjem den nye norske bibelomsettinga, som er ein revisjon av den mest brukte bibelomsettinga i Noreg, Bibel 2011. Ute i bokhandlane ligg fleire tusen biblar klare til å bli plukka opp av nye og gamle bibellesarar. Det er alt frå prektige eksemplar i kalveskinn til arbeidshestar med tekstilinnbinding, bryllaups- og konfirmasjonsutgåver og ein eigen Folkebibel med ekstra lesevenleg design og kunstutsmykking.

For ein bibelentusiast som meg er det bursdag og julaftan på éin gong, for å bruke eit velbrukt bilete. Bibelen er verdas mest lesne bok, både verdslitteratur og heilag skrift, både ein sentral kulturell referanse og det viktigaste trusgrunnlaget for over to milliardar kristne. Det er all mogleg grunn til å gle seg over at vi kan lese Bibelen på moderne norsk, både bokmål og nynorsk.

Gud kjem oss i møte

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS