Verda er ingen teikneserie med skurkar og heltar
Ville vi godtatt å portrettere ein afrikansk despot som apekatt i ei karikaturteikning, for å få fram eit maktkritisk poeng? Sjølvsagt ikkje.
ANTISEMITTISME: 8. mars vart det til dømes ropt «ingen sionister i våre gater». Dei fleste norske jødar er sionistar, i den breie tydinga av ordet. Det er desse som er offer i dagens situasjon, ikkje Dagsavisens politiske redaktør, skriv kommentator Emil André Erstad.
Javad Parsa
Tidlegare denne veka skreiv eg ein kommentar om at norske jødar har vore gjennom sin verste vinter på mange tiår. Dei treng støtte, vern og tryggleik. 8. mars vart det til dømes ropt «ingen sionister i våre gater». Dei fleste norske jødar er sionistar, i den breie tydinga av ordet. Eg etterlyste statsministerens klare og tydelege vern – i offentlegheita.
I kommentaren viste eg mellom anna til at Dagsavisen publiserte ei karikaturteikning som som gav assosiasjonar til propagandateikningar frå 30-talet. Det hadde blitt påpeika av holocaust-forskarar som Mats Tangestuen fleire dagar tidlegare. Ingen – heller ikkje eg – påstod at teikninga i Dagsavisen er bevisst antisemittisme. Ingen kalla dei jødehatarar. Vi påpeika dei problematiske assosiasjonane og kulturelle referansane den aktiverte.
Dagsavisen er ikkje offeret