Var eg ven av samane?

Barndomsminna kom over meg: Hadde Sannings- og forsoningskommisjonen funne grov urett mot samane også i misjonen?

kk
OVERTRAMP: Samemisjonen må svara truverdig og godt på funna som er presentert i rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen, skriv gjestekommentator Johannes Morken.

Bedehuset i barndomsbygda mi i Indre Sogn låg eit par-tre hundre meter frå huset vårt. Vi hadde utsikt rett imot.

To heimar i bygda delte på å gje husrom til omreisande predikantar – emissærar. Vår var den eine. Ein av predikantane tok seg tid til å leika med oss ungane. Eg var knapt fire år. I leiken sprang emissæren etter meg. Eg sprang inn i stova, kasta meg opp på ein divan og fall ned og braut kragebeinet.

Dette er inga klage, men ei god historie om favoritt-emissæren. Han kom frå Norges Samemisjon.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS