TV-serien Makta handlar vel så mykje om dagens Ap
Det er ikkje berre kulissene i NRK-suksessen Makta som speglar Norge anno 2023. Det må vere ubehageleg og i overkant verkelegheitsnært for dagens Ap-toppar å sjå serien.
MAKTA: Vi ser konturane av ein kamp om partiets sjel, mellom krefter som dreg partiet mot høgre og venstre, skriv Emil André Erstad.
Motlys / NRK
Serieskaparane seier sjølv at Makta handlar om desperat maktkamp i Arbeidarpartiet på slutten av 1970-talet. TV-serien påstår å vere ei god blanding av sanning, løgn og dårleg hukommelse. Gro Harlem Brundtland seier «ho kjende seg igjen». Kanskje vil Jonas Gahr Støre tenke det same, men neppe tørre å innrømme det høgt.
Det er vanskeleg å ikkje legge merke til at TV-serien, som er politisk satire på sitt aller skarpaste og mest underhaldande, også kjem med ganske presise stikk mot dagens situasjon i partiet.
Kopien av Giskes dansescene og 2023-kulisser