Trump sin lille Bibel
Alle bør ha ein bibel heime, meiner eks-presidenten, og fortel at han sjølv har mange. Derfor har det stor politisk symbolverdi når han no fremjar ei spesifikk bibelutgjeving.
REKVISITT: Donald Trump viser gjerne fram Bibelen offentleg – men om han bruker den privat er meir usikkert.
NTB
Hausten 1983 skreiv artisten Lee Greenwood songen som han framfor nokon skulle bli kjent for resten av si karriere. «God bless the USA» er ei hymne til fedrelandet, sett til country-tonar, og har nytt fleire bølger med enorm popularitet gjennom dei siste førti åra, ikkje minst i tida etter terroråtaka 11. september 2001.
I songen skildrar Greenwood si stoltheit og glede over å vere amerikanar og uttrykker takk til dei som har mista livet for fridommen landet nyter godt av. Blandinga av nasjonale og religiøse kjensler som songen gjev uttrykk til er levande mange stader i amerikansk politikk og samfunnsliv, og songen har blitt brukt i valkamp av mange republikanske politikarar, mellom andre Ronald Reagan og George H.W. Bush.
Ein eigen bibel