Trump-regjeringa sin signalfeil
Donald Trump skulle bringe kompetansen tilbake til Det kvite hus. Det går berre sånn passe.
KVALITET: «Det er vanskeleg å hevde at Donald Trump tilsett 'dei beste folka'», skriv Sigrid Rege Gårdsvoll. På biletet: Mike Waltz og Pete Hegseth, høvesvis nasjonal tryggingsrådgjevar og forsvarsminister, som båe var del av den famøse gruppesamtalen.
Alex Brandon
Jeffrey Goldberg kunne ikkje tru sine eigne augo. På meldingsappen Signal hadde den erfarne pressemannen blitt lagt til i ei gruppe med tittelen «Houthi PC Small Group». Dei andre deltakarane i samtalen har namn som er kjente for Goldberg, som forsvarsminister Pete Hegseth, visepresident JD Vance, stabssjef i Det kvite hus Susie Wiles og Mike Waltz, som er presidenten sin rådgjevar om nasjonal tryggleik.
The Atlantic-redaktør Goldberg går først ut frå at det er ein form for bløff når personane som utgjev seg for å vere mellom dei høgast rangerte innan forsvar og trygging i landet diskuterer eit mogleg angrep på Houthi-militsen i Jemen, men han blir stadig meir i tvil. I mellomtida er det ingen av dei sytten andre i gruppesamtalen som oppdagar at det er ein person digitalt til stades som dei ikkje veit kven er.
Ikkje før meldingane kjem om eksplosjonar i Jemen, akkurat etter tidsplanen som forsvarsminister Hegseth posta i Signal-samtalen, er Goldberg heilt sikker på at dei andre er dei det ser ut for at dei er.
Bestill abonnement her
KJØP