Tilbake til den norske naturen

Lars Monsen, Anne Lindmo og Bård Tufte Johansen er ute på viktige oppdrag i norsk natur. Dei opnar auga våre for det som står i fare for å gå tapt.

UT PÅ TUR: Lars Monsen på tur i Øvre Pasvik nasjonalpark, i det nye NRK-programmet «Monsen og nasjonalparkene». – Vi treng alle å vende tilbake til den norske naturen, skriv Alf Kjetil Walgermo.
UT PÅ TUR: Lars Monsen på tur i Øvre Pasvik nasjonalpark, i det nye NRK-programmet «Monsen og nasjonalparkene». – Vi treng alle å vende tilbake til den norske naturen, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Om naturen er i trøbbel, er menneska i trøbbel. Det burde vere ei basal innsikt for alle tenkande individ på planeten vår. Likevel har naturtapet for lengst sprunge løpsk både i Noreg og internasjonalt. I løpet av dette hundreåret kan éin million artar vere utrydda, viser prognosar frå FNs naturpanel. Berre i Noreg har 2752 artar status som trua og kan stå i fare for å døy ut, viser tal frå den norske raudlista. Samtidig bygg vi ned den norske naturen i stor skala, som NRK for litt sidan viste i ein oppsiktsvekkande artikkel – 79 kvadratmeter natur i minuttet.

Nordmenn er eit folkeslag som er stolte av naturen sin. Det er vi med rette. Noreg har spektakulær natur, ikkje berre fjordlandskapet innover mot Geiranger, i nærleiken av der eg sjølv vaks opp. I kvart einaste fylke finst det naturperler av store og små format. Turistar kjem langvegsfrå for å oppleve naturlandskapet vårt. Kvifor klarer vi likevel ikkje å ta betre vare på det?

Noreg – eit u-land?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS