Sprellemann med himmelsikt

Ein knapp månad etter sin død hjelpte Jahn Teigen meg å halde motet oppe. På fredag ville den folkekjære artisten fylt 75 år.

Kommentar om Jahn Teigen
RIKT ARTISTLIV: Jahn Teigens evne til å sette enkle ord på ofte kompliserte menneskelege kjensler var stor, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Då eg var ung, hugsar eg at nokre av vennene mine drog på smilebandet av Jahn Teigen. Dei smilte ikkje berre fordi artisten sjølv utførte dei mest oppsiktsvekkande stunt og splitthopp på scena, gjerne iført skjelettdrakt eller andre kreative kostyme. Dei smilte fordi dei såg på han som ein slags klovn.

Etter kvart som eg blei eldre, lærte eg å sjå bak det morosame gummifjeset, bak faktene og klovnemaska. Jahn Teigen vaks på meg, som det heiter med ein anglisisme. Eg begynte å sette meir og meir pris på tekstane og musikken hans, som formidlar sentrale menneskelege innsikter i ei ofte enkel, men treffande form.

«Det vakreste som fins» er ein slik song. Han fortel oss om kjærleiken, og kor viktig det er å uttrykke kjærleik til kvarandre før det er for seint: «Om det skulle blåse kaldt / Om jeg leter overalt / Ingen er så god som du / Du er det vakreste som fins»

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS