Spaserturen som bør skremme Putin
Rundt to timars køyring frå den russiske grensa spaserte dei nordiske statsministrane i tjue minutt gjennom Helsingfors sentrum, ope og fritt, midt blant vanlege folk. Det var ein større maktdemonstrasjon enn militær opprustning har vore.
ILLUSTRASJON:
Christian Bloom
Det var denne veka dei nordiske statsministrane var samla til «familiedag» i Helsingfors – den finske hovudstaden, i høve toppmøte i Nordisk råd. Det var ei venlegsinna og nesten koseleg stemning mellom statsleiarane i Finland, Sverige, Island og Norge. Den danske statsministeren måtte halde seg heime for å stemme på seg sjølv.
– Skal vi bli køyrt eller gå? var det ein av statsleiarane som spurte, der dei stod og snakka om heilt kvardagslege ting. Det stod ein spesialbestilt, svart buss klar til å frakte dei frå den finske riksdagsbygningen til presidentpalasset nokre kilometer unna, der dei skulle møte Finlands president Sauli Niinistö.
– Vi går, sa Sanna Marin – den unge og etter kvart verdskjende finske statsministeren frå søsterpartiet til Støre.