Solberg kan vinne igjen
Her er tre grunnar til at Erna Solberg framleis har gode sjansar til å få sin tredje periode som statsminister.
SJØLVTILLIT: I Høgre er sjølvtilliten stor på at partiet kjem til å gjere eit kjempeval, også fordi erfaringa frå tidlegare val har vist at det største regjeringspartiet alltid løftar seg på målingane i innspurten.
Stian Lysberg Solum / NTB
I politikken skjer politiske stemningsskifter ofte skremmande fort.
I januar til dømes, skreiv fleire om kor små sjansar Erna Solberg har for å vinne valet i september i år. Trygve Svensson i Tankesmien Agenda sa det slik: «Det er underlig underdekket hvor historisk dårlig regjeringen gjør det» og omtalte sjansane for at Solberg skulle få ein tredje periode i statsministerstolen som «bittesmå». Det er jobben til tankesmieleiarar på venstresida å sei slikt.
Rødt-politikaren Mímir Kristjansson okka seg samstundes over kvifor ikkje norske journalistar var meir kritiske til dei som faktisk har makta, når journalistane dreiv langt meir kritisk journalistikk mot opposisjonen: «Jeg tror ikke dette handler om høyre eller venstre. Både Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg hadde i sin tid en opphøyd status der de gikk tilnærmet fri for kritikk fra mediene. Sannheten synes dessverre å være at norske journalister beundrer makta, og da særlig statsministeren.»
Bestill abonnement her
KJØP