Slutten på sjølvvalt abort i USA?
Femti års konservativ ambisjon i USA ser no ut til å kulminere i Høgsterett i sommar.
ABORTDEMONSTRASJONER: Tysdag 3. mai var abort-tilhengarar samla utanfor USAs Høgsterett etter at det vart kjend at Høgsterett kunne fatte eit vedtak som vil endre amerikanske kvinners rett til abort.
Alex Brandon / AP / NTB
Det slo ned som ei bombe tysdag morgon norsk tid: Høgsterett vil oppheve den føderale retten til sjølvvald abort i USA.
Det er nesten utan presedens i amerikansk historie at eit utkast til ein høgsterettsdom lekk til pressa før dommen vert avsagt, men det er altså nettopp det som no har skjedd. Nettstaden Politico har fått tilgang til eit utkast til fleirtalsdommen i saka «Dobbs v. Jackson Women’s Health Organization».Saka dreier seg om ein abortlov som vart vedteken i Mississippi i 2018 og som set abortgrensa ved 15 veker, men dommen ser ut til å gå lenger: I utkastet som no er blitt kjent, argumenterer skrivande dommar Samuel Alito for at dommane som utgjer grunnlaget for sjølvvald abort i USA må opphevast.
Abortlov i USA er i stor grad styrt av eit sett avgjerder frå Høgsterett, først og fremst «Roe v. Wade» frå 1973. I Roe sette ein ned eit einskapleg rammeverk for sjølvvald abort i heile landet. Seinare avgjerder har sett den nasjonale abortgrensa ved levedyktigheit for fosteret, normalt definert ved 24 veker, sjølv om ein i no ser for tidleg fødde som kan overleve ned til 22 veker.
Bestill abonnement her
KJØP