Slik skal vi fortelle deg kva som skjer i Kristen-Norge
Vårt Land kjem no i ein nyheitsapp med siste nytt, når det skjer. Slik fornyar vi oppdraget vi starta da Vårt Land vart etablert etter krigen.
NYTT: Lesarvanane har endra seg, skriv nyheitsredaktør Lars Inge Staveland om lanseringa av Vårt Lands nyheitsapp.
Ingvild Kopperstad
Som abonnent på Vårt Land er du vår oppdragsgjevar. Vår jobb er å jakte på nyhende og levere dei til deg, der du er. Sånn sett har ikkje oppdraget endra seg sidan kristne leiarar i tyske fangenskap på Grini fekk ideen om å lage ei kristen dagsavis.
I 1945 var målet å lage ei riksavis med nyhende frå norsk kristenliv og dagsnytt frå inn- og utland. Avisa skulle nå alle, anten du bur i bygd eller by.
Ventar ikkje på at nyhende ligg på dørmatta
Bestill abonnement her
KJØP