Sentrum i norsk politikk kan bli ståande heilt utan makt

Ikkje sidan stortingsvalet i 1977 har sentrumspartia hatt mindre makt enn dei ville fått med Vårt Lands siste måling.

kk
RAUDT: Då Ap-toppane Odvar Nordli og Reiulf Steen vann makta igjen i 1977 trong dei berre støtte frå SV på Stortinget. Det var sist sentrumspartia var utan makt i norsk politikk, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Sentrum som politisk kraft i norsk politikk er noko ganske anna i dag enn då Kjell Magne Bondeviks sentrumsregjering regjerte på slutten av 90-talet. Likevel er det framleis forskjell på om Ap og Høgre kan styre ei sjølvstendig blokk på kvar si side av norsk politikk, eller om dei treng partia som identifiserer seg meir mot midten. Slik sett kan vi snakke om KrF, Senterpartiet, Venstre og MDG som dei noverande sentrumspartia på høgre-venstre-skalaen i Norge.

Høgres suksess minkar sentrumsmakta

På Vårt Lands siste måling treng ikkje Høgre støtte frå andre enn Framstegspartiet for å danne regjering. Dei to partia har til saman 85 mandat. Det skuldast mest av alt Høgres eventyrlege vekst til eit parti stabilt over 30 prosent. Viss det skulle bli resultatet i stortingsvalet om litt meir enn to år, vil det ikkje bli mogleg å stable andre realistiske fleirtal på beina.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS