Pastor på pidestall
Trua på ein pastor på pidestall tok ikkje slutt for 25 år sidan. Eg skulle gjerne lese fleire ettertankar frå 90-talet.
VINEYARD: – Når Vårt Land først hentar fram att serien, hadde eg tenkt at gjenforteljinga i større grad vart følgt opp av refleksjonar frå fleire, om både forventingar om vekking og synet på åndeleg leiarskap, skriv Johannes Morken. Faksimile frå Vårt Land om Lysbærerne, 6. mars 2004.
Erlend Berge
Vårt Land har gjeve gjensyn med «Historien om Lysbærerne», artikkelserien over nesten 30 avissider frå mars 1999. Verken Jan Eikeland eller eg som skreiv serien, minnest noko anna som har vekt slik interesse. Sidan Vårt Land aldri etterkom ønsket frå Levi Fragell i Human-Etisk Forbund om å samla artiklane i eit hefte, hender det framleis, 25 år etter, at eg blir spurt om eg kan kopiere avissidene og senda.
Eg har framleis arkivet med rapportar. Eg finn avskrifter av profetiar, også om sjukdom og ulukke som kunne ramma kritikarar. Eg har ein stor pose talekassettar frå Oslo Vineyard frå heile 1998, fram til pastor Kjell Aasmundrud tok avskil 25. oktober etter å ha fått marsjordre.
Minna er framleis kraftige. Om menneske med varme historier, som hadde fått ny retning på liv og søking. Men vi måtte også setja oss ned for å snakka saman om krevjande profetiar.
Bestill abonnement her
KJØP