Økokrim kunne ikkje redde tilliten til Erna Solberg
Det største spørsmålet i Solberg-saka kunne ikkje Økokrim bestemme svaret på. Det mest sannsynlege er framleis at Solberg vil trekke seg som partileiar.
– Det er få i partiet som tør eller vil gå ope ut mot Solberg, og det er semje om at Solberg må få avgjere tidspunktet for eigen avgang sjølv.
Terje Pedersen
Det er viktig å vere klar over at Økokrim berre vurderte ein avgrensa del av Solberg-saka då dei konkluderte med å ikkje opne etterforsking mot Sindre Finnes for innsidehandel.
Var det grunn til å tru at det hadde skjedd noko straffbart? Nei, sa Økokrim, om store delar av sakene.
Kan ikkje utelukke tilfelle av innsidehandel