Nye perspektiv på Jesus
Aksel Hennie spelar Jesus i ei ny oppsetting av musikalen «Jesus Christ Superstar». Samtidig er tre av verdas fremste filmregissørar i ferd med å skape sine versjonar av Menneskesonen. Bør dei mange Jesus-framstillingane bekymre eller begeistre oss?
NYE JESUS-FILMAR: Mel Gibson (t.h.) instruerer Jim Caviezel i rolla som Jesus Kristus i «The Passion of the Christ». No skal dei to lage ein oppfølgjar til den tjue år gamle filmen, samtidig som Martin Scorsese og Terrence Malick også er på trappene med nye Jesus-filmar.
AP News
Populærkulturelle framstillingar av Jesus har alltid hatt ein ekstra dimensjon ved seg. Å spele Guds son på teater eller film er blant dei største rollene du kan ha som skodespelar. Iallfall er mannen frå Nasaret blant rollene som blir følgd ekstra nøye med på av eit breitt publikum.
Sistemann ut i norsk samanheng er Aksel Hennie, som får hovudrolla som Jesus i Folketeateret si kommande oppsetting av musikalen Jesus Christ Superstar. «Jeg har et avklart forhold til religion og anser meg selv som kristen», sa Hennie til Vårt Land før helga. Den kjente skodespelaren går inn i rolla som Jesus med «stor ærefrykt».
Jesus Christ Superstar skapte mykje debatt då musikalen kom på begynninga av 1970-talet, både i albumversjon, sceneversjon og som film. I dag hugsar vi særleg filmversjonen, med Ted Neeley i rolla som Jesus. Den gongen blei filmen av fleire skulda for blasfemi, slik han portretterte Jesus med sterk vekt på det menneskelege: Jesus blir framstilt som svak og tvilande. Oppstoda frå dei døde var heller ikkje med i handlingsgangen, noko som var tungt å svelgje for mange.