Nervepirrande storfilm om Jesu mor

Jomfru Maria måtte flykte for at Jesus ikkje skulle bli tatt livet av som barn. Filmen som får premiere på Netflix 6. desember vekker allereie debatt.

JESU MOR: Skodespelaren Noa Cohen som jomfru Maria i J.D. Carusos spenningsfilm «Mary», som snart har premiere på Netflix.
JESU MOR: Skodespelaren Noa Cohen som jomfru Maria i J.D. Carusos spenningsfilm «Mary», som snart har premiere på Netflix. – Vi har godt av å sjå kor stor kostnad det var for Maria å føde Jesus, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Eg må innrømme at hjartet slår eit par ekstra slag før storfilmen Mary får premiere på Netflix den første veka i desember. Her snakkar vi om ein bibelfilm som både søker å ta vare på det Bibelen fortel om Jesu mor og som fortel ei nervepirrande historie i beste amerikanske thrillertradisjon. Den unge kvinna Maria (Noa Cohen) må rømme for at det nyfødde barnet hennar ikkje skal bli drepe av soldatane til kong Herodes (Anthony Hopkins).

Den amerikanske regissøren J.D. Caruso, som tidlegare er kjent for thrillerfilmar som Taking Lives (2004) og Disturbia (2007) og sci-fi-actionfilmen I am Number Four (2011), har vore opptatt av å ikkje bryte med dei sentrale elementa i bibelhistoria. Den katolske regissøren har dermed hatt ei mengd innspelsrundar på manuset, som er skrive av Timothy Michael Hayes. Prestar og biskopar har hatt si fulle hyre med å kvalitetssikre historia som bibelfundert.

Fyller ut holrom

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS