Når supporterkultur blir ukultur

Lidenskap for idrett kan aldri unnskylde hets og masseslagsmål. Når det koker over for supporterane, er dei med på å øydelegge sporten.

TRIBUNEBRÅK: Under FA-cup-kampen mellom West Bromwich og Wolverhampton i helga braut det ut masseslagsmål på tribunen etter at Wolves gjekk opp til 0-2. – Bråk, hets og masseslagsmål har ingenting med lidenskap for idrett å gjere, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

I fjor haust tok eg med meg familien på ein viktig fotballkamp. Vi hadde gledd oss lenge, og for yngstemann fortona den seine kampstarten seg som eit fullgodt alternativ til kaptein Sabeltanns nattshow i Dyreparken. Vi rigga oss til med varme teppe, popkorn og godteri – alt låg til rette for ein nydeleg kveld.

Så blei likevel gleda redusert til eit minimum. Det hadde ingenting med kampresultatet å gjere. Kvelden blei øydelagt av vår nærmaste medsupporter. Ikkje berre hadde han drukke for mykje og skapte ein utrygg atmosfære kring seg som følgje av dette. I tillegg kom han med utilbørlege, kanskje meint som «vittige» kommentarar om ein av spelarane på banen. Resultatet var ein fotballkamp der eg brukte mesteparten av heie-energien på å skjerme barna. Det var ikkje gøy å vere på fotballkamp i det heile.

Søndag ettermiddag blei eg minna om denne opplevinga då det braut ut masseslagsmål mellom supporterane til dei engelske fotballklubbane West Bromwich Albion og Wolverhampton Wanderers. Bråket starta då Wolverhampton, som spelar i den engelske toppserien Premier League, scora 0-2-målet mot nivå to-klubben som hadde heimekamp. West Bromwich-fansen klikka openbert av det dei opplevde som utilbørleg feiring av målet, med bortefans som kryssa grensa til heimeseksjonen. Dermed barka supporterane saman i slagsmål. Kampen måtte stoppast i ein halvtime, mens politiet prøvde å få kontroll på situasjonen.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP