Når kyrkja krev for mykje

FRIVILLIGHEIT: Alle pastorar vil ha trufaste, frivillige medarbeidarar. Men krav om eksklusivitet er ikkje vegen å gå for å få med mange av oss på laget. Tvert imot.

ORKAR IKKJE: «Mitt inntrykk er at det finst ein heil del folk som ikkje orkar å seia ifrå om at kyrkja krev meir enn dei er komfortable med», skriv David Sviland.
ORKAR IKKJE: «Mitt inntrykk er at det finst ein heil del folk som ikkje orkar å seia ifrå om at kyrkja krev meir enn dei er komfortable med», skriv David Sviland.
Publisert Sist oppdatert

Sondre Neteland måtte slutta i smågruppa si i Salt Trondheim fordi han gjekk fast til gudsteneste i Salem, kunne me lesa i Vårt Land førre veke. Salt-pastor Ariel Lund forklarer at «Når folk aktivt velger å gå i en annen menighet er det naturlig å snakke om å også finne en smågruppe tilknyttet den menigheten»

I ettertid har Øystein Gjerme, grunnleggar og hovudpastor i Salt, sagt at dette må vera ei misforståing og at Neteland er velkommen tilbake i smågruppa. Men Neteland held fast i at han faktisk blei kasta ut. Han tykkjer det er vanskeleg å kjenne seg velkommen igjen, trass i at Gjerme beklagar.

Eg kan forstå at pastorar ønsker seg trufaste kyrkjegjengarar og medarbeidarar. Men eg vil likevel argumentera for at det å oppmoda til å halda seg ein plass, ikkje er så lurt. Det skjønner truleg også Salt, all den tid Gjerme seier at det heile må vera ei misforståing.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS