Når du puttar kritikaren i gapestokken
Det finnes grenser for kva ein forfattar skal tole. Men det finnes også grenser for kva ein kritikar skal tole, og Morten A. Strøksnes går over den grensa når han utfører karakterdrap VGs kritikar på Facebook.
GRENSELAUST: Ville Strøksnes sagt dette fjes til fjes med Hovdenakk? Eller i ei avis, eller på radioen? Eg kan ikkje skjønne det, for det er temmeleg uakseptable ting han skriv, meiner kulturredaktør Lars Petter Sveen.
Erlend Berge
Kor mykje skal ein forfattar tole? Eg har sjølv skrive bøker og gått i kjellaren når eg har fått dårleg kritikk. Og eg har frest og okka meg over kritikarar. Men einkvar forfattar bør også stille seg spørsmålet: Kor mykje skal ein kritikar tole?
For av og til kan ein skuffa forfattar miste hovudet når ho eller han les kritikken av sin eigen bok.
Og det verker til å ha skjedd da Morten A. Strøksnes leste bokmeldinga av Molok i VG på torsdag.
Bestill abonnement her
KJØP