Nåde er ikkje noko du tar, det er noko du får
Gåvene under juletreet minner oss om Guds store gåve til menneska. Men nåden er gratis, han er ikkje på billigsal.
NÅDEBARNET: Maria fekk høyre at ho hadde fått nåde. Med barnet ho fødde i Betlehem er nåden gjort tilgjengeleg også for oss andre, skriv Alf Kjetil Walgermo. «Hyrdenes tilbedelse» er måla av Matthias Stomer.
Wikimedia Commons
Det er få av oss som opplever det same som Maria gjorde. Ein engel kom til henne med bod. I Marias tilfelle var bodet eineståande i historia: Ho skulle bli mor til verdas frelsar, Guds eigen son.
Juletida er ei tid for å grunde både over juleevangeliet og den innleiande bodskapen til Maria, som står å lese i dei to første kapitla av Lukasevangeliet. Det er ei historie som skyt fart med helsinga engelen Gabriel har med seg til den unge jenta: «Ver helsa, du som har fått nåde!»
Det greske ordet i grunnteksten har vore opphav til mange teologiske diskusjonar, ettersom det blir brukt berre éin gong i Bibelen. «Kecharitomene» er blitt omsett både til «full av nåde» og «den favoriserte», og katolske og protestantiske teologar har ofte hatt ulike syn på saka. Vi skal ikkje grave oss ned i dei teologiske diskusjonane her. Den norske omsettinga viser på ein god måte korleis «kecharitomene» har samband med «charis» – som tyder nåde, gunst, velsigning, det som bringar glede.