Myter om ein bibelfri barndom
Legg du ein barnebibel under juletreet i år, er det kanskje ikkje alminneleg «god» litteratur du gir i gåve. Er det så farleg?
NAIVT: Tanken om at moderne barnelitteratur som tilfredsstiller krava til god litteratur, i motsetnad til religiøs litteratur, er open og fri for agenda, vitnar om eit overraskande enkelt syn på korleis verdioverføring til barn skjer, skriv gjestekommentator Sofie Braut.
Erlend Berge
Tidlegare i år viste ei undersøking at ein av tre unge i Noreg aldri har opna ein Bibel. Det er eit høgt tal som har mange forklaringar. Noko dreier seg om at «store forteljingar» må vika i eit samfunn som i større grad byggjer forteljingane rundt enkeltindividet gjennom digitale flater og sosiale medium. Religionssosiolog Erlend Hovdkinn From, har også eit poeng når han påpeiker at «nokre synest det er noko farleg rundt slike tekstar» (VL 29/6).
For den som derimot meiner dei unge bør kjenna sin Bibel, er barnebiblar eit viktig bidrag, og tidlegare i haust var eg så heldig å vera ein av fleire som fekk melda tolv ulike barnebiblar i denne avisa. I kjølvatnet av barnebibel-spesialen, dukka også motførestillingane opp. «Barnebibler er dårlig litteratur» var spissformuleringa frå direktør ved norsk barnebokinstitutt, Kristin Ørjasæter. Ved nærare ettersyn viser det seg at denne kontante avfeiinga av barnebibel som kvalitetslitteratur er fundert i eit litt skjematisk syn på kva som konstituerer god barnelitteratur, nemleg at det er «en autonom hovedperson – et selvstendig handlekraftig barn – et fortellerteknisk barneperspektiv».
Særmerkt litteratur