Les bøker, ikkje driv kulturkrig
Direktøren ved Nasjonalmuseets kommentar var kanskje dum, men den moralske indignasjonen og raseriet er endå dummare. Kulturkrig er mest av alt intellektuell latskap.
KONTROVERSIELT: Norskamerikanarane bygga på slutten av 1800-talet ein heil minnekultur rundt Leiv Eirikssons vinlandsferd. Det var ein måte for protestantane frå Skandinavia å markere distanse til den katolske oppdagaren Columbus, skriv kommentator Emil André Erstad.
Christian Krohg/Nasjonalmuseet
Korleis vi reagerer på ting, er eit val. Vi kan sjølv velje om vi vil reagere på utsegn vi er usamde i med raseri eller nysgjerrigheit.
Søndag vart det eit tidleg sankthansbål i sosiale medier då samlingsdirektør ved Nasjonalmuseet, Stina Högkvist, uttalte til Aftenposten at Christian Krohgs ikoniske måleri Leiv Eiriksson oppdager Amerika skulle plasserast i museumskjellaren. Det som verkeleg fekk kulturkrigarane ut av hiet var at Högkvist kom i skade for å kalle verket «kolonialistisk» og «ei romantisering av nordmenn som dro til Amerika».
Meir impulskontroll