Lan, Trygve og Sylvi er viktigare enn politikken
Kanskje er dei tre politiske merkevarene likare på kvarandre enn dei sjølv likar å tru. Det kan vere eit varsko for tilstanden til norsk politikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
«Personane er blitt viktigare enn politikken. Det å marknadsføre seg som person og nærast som ein merkevare, har blitt viktigare enn det å marknadsføre politiske standpunkt. Og du får spørsmål frå journalistar som gjer at du lurer på om dei eigentleg er interessert i kva du meiner, eller er dei berre interessert i kven du er og korleis du er».
Orda vart uttalt av Trine Skei Grande (V) i eit ekstraordinært Politisk Kvarter på NRK i juni rett før Stortinget tok sommarferie. I radiosendinga sat Grande saman med dei politiske ringrevane Martin Kolberg (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp) og reflekterte over tilstanden i norsk politikk ettersom deira lange politiske karrierar no nærmar seg landing.
Enormt personfokus
Det er fleire grunnar til at Grandes observasjon stemmer godt med verkelegheita. Fleire av dei fekk vi sjå på nært hald gjennom mistillitsprosessen mot Oslo-byråd Lan Marie Berg (MDG) som enda med at heile byrådet til Raymond Johansen måtte gå av, før byrådsleiar Raymond Johansen på nytt kunne danne byråd.
Noko av det mest interessante med mistillitsprosessen mot Berg var det enorme personfokuset. I MDG var det liten evne til sjølvkritisk tenking rundt kva som eigentleg leia fram til mistilliten. Frå MDG vart mykje av forklaringsmodellen at dei politiske motstandarane av ymse grunnar ikkje likte Lan Marie Berg som person.
Noko av det mest fascinerande med desse politikarane er ikkje berre kor elska dei er, men også kor hata eller mislikt dei er.
Emil André Erstad, kommentator
Lan Marie Berg er kanskje akkurat ein av dei politikartypane som Grande siktar til i sitt svar på Politisk Kvarter: Ein politikar som er blitt nærast som ein merkevare. Veldig mykje av det som skrivast om Berg handlar om korleis ho er og kven ho er. Sjølvsagt handlar ein del av det også om hennar politiske prioriteringar, men ofte skuggar personen for politikken.
Veldig mot eller veldig for
Vi har sett det same med Framstegspartiets Sylvi Listhaug. Nesten alt Listhaug har tatt i og sagt noko om dei siste åra, har skapt rabalder. Alt frå sleiking av imamar opp etter ryggen, løfting av flyktningar på gullstolar eller svømming rundt i Middelhavet i overlevingsdrakt – alle desse tinga har skapt stort engasjement, sinne og sympati. Enten er folk veldig samde med henne, eller så er dei veldig mot.
Rundt Listhaug har det vore overraskande stille sidan ho vart leiar for Framstegspartiet tidlegare i år, men det er ikkje lenge til valkampen kanskje vil gje oss tilbake Listhaug i si kjende form.
I samtalar med Senterparti-folk ser vi noko av den same persondyrkinga av partileiar Trygve Slagsvold Vedum. I Senterpartiet fins ei fortelling om ein partileiar som er av eit anna kaliber enn dei fleste politikarar. Ein politikar som lyttar til folk sine problem på ein praktisk og jordnær måte.
Inntil ganske nyleg var Vedum ein politikar få såg på som ein fiende. Han var jovial og likandes, men så byrja fleire parti å lekke veljarar i strie straumar til Vedums Sp. Det førte til at dei andre partia skjerpa tonen, og bruker mykje kraft på å finne hans svake og kritikkverdige sider.
Polariserer konfliktar
Det er teikn til nokre av dei same tendensane i dyrkinga av Vedum, som vi ser i dyrkinga av Berg og Listhaug. Noko av det mest fascinerande med desse politikarane er ikkje berre kor elska dei er, men også kor hata eller mislikt dei er. Dei er også perfekte motstandarar fordi dei polariserer konfliktar. Alle dei tre kan delvis skulde suksessen sin på at andre har dyrka dei som motstandarar.
Det er veldig få menneske med snute for politikk som er likegyldige til politikarar som Sylvi Listhaug, Trygve Slagsvold Vedum og Lan Marie Berg. Kanskje fordi desse personane rommar så mykje meir enn berre seg sjølv. Kanskje kan vi gå så langt som å sei at desse personane i seg sjølv rommar ideen om kva til dømes MDG, Senterpartiet og Framstegspartiet er for noko.
Ikkje nytt fenomen
Er dette sterke personfokuset i politikken noko nytt, slik Grande, Kolberg og Navarsete hevda i Politisk Kvarter? Har ikkje politikken alltid hatt eit sterkt element av personfokus, med figurar som Einar Gerhardsen, Kåre Willoch, Gro Harlem Brundtland, Kjell Magne Bondevik og Kristin Halvorsen? Alle desse vart dyrka som kjendisar av Se og Hør-delen av norsk presse.
Viss personen blir så viktig og opphøgd over alt anna, er det underordna kva politisk program denne personen går til val på.
Emil André Erstad, kommentator
Kanskje er det ikkje nytt og kanskje er det ikkje eit problem ein gong. Det er vel bra med politikarar som skapar engasjement, og som klarar å kommunisere politikk slik at det vert meir forståeleg for folk? Vel, det er mogleg, men det er også fleire særs problematiske sider ved det sterke personfokuset i politikken.
Mest av alt fordi veljarane kanskje ikkje forstår kva politikk dei får. Viss personen blir så viktig og opphøgd over alt anna, er det underordna kva politisk program denne personen går til val på. Det sterke personfokuset dreg politikken vekk frå dei foruma der politikk vert til, og over i eit mediestyrt sirkus der politiske argument, grundig diskusjon, langsame vedtak og solide utgreiingar berre vert kjedeleg og grått politikarspråk i forhold.
Same tiltrekkingskraft
Sjølv om ingen av dei nok vil innrømme det, fins det overraskande mange likskapar mellom Frp-leiar Sylvi Listhaug, Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum og MDG-profil Lan Marie Berg. Alle er dei den mest profilerte og kjende politikaren frå sitt parti. Alle er taleføre, skarpe og talentfulle politikarar som tiltrekk seg skarar av tilhengarar med sin kompromisslause bodskap. Alle har dei evna til å få fram poenga sine, uavhengig av kva spørsmål dei blir stilt.
Det må leggast til at desse politikarane er usamde om det aller meste. Dei er på mange måtar politiske motpolar. Likevel har dei alle den same tiltrekkingskrafta på veljarar og media.
Men er det framleis plass til politikarar som Grande, Kolberg og Navarsete - politikartypar som er langt meir opptekne av sakene dei kjempar for, enn av korleis dei sjølv framstår på forsidene eller Facebook? Eg trur det.
Norsk politikk toler nok begge delar, berre vi passar på at det evinnelege personfokuset ikkje vert ei utvikling som får dominere for mykje. Vi gjer derfor lurt i å lytte til Trine Skei Grande si åtvaring.