Kvifor vil ikkje superstjernene synge for Trump?
Det er ok med ein president som bombar andre land. Men ein usmakeleg president blir for mykje. Berre spør superstjernene i USA.
FOR PRESIDENTEN: Jason Aldean var ein av få artistane som såg seg tent med å opptre for Trump under innsettinga på mandag. Truleg blir det fleire som han i åra som kjem.
Julia Demaree Nikhinson
Det var skrale greier da Trump ble innsatt som president for andre gong på mandag.
Artistane som spelte og song for den mektigaste mannen i verda, er verken blant dei mest solgte eller mest roste. Det er vel temmeleg ukontroversielt å seie at dei som opptrådte, var der av ein einaste grunn: Dette var det Trumps team greidde å skrape saman.
Alle dei andre sa enten nei, eller dei har vore så uttalte i sin kritikk av presidenten at dei ikkje kunne bli spurt.
Bestill abonnement her
KJØP