Kva er no eit menneske?
I eit nytt tilbakeslag for kvinners reproduktive rettar i USA, avsa Høgsterett i delstaten Alabama i førre veka ein dom som har potensiale til å sterkt avgrense tilgangen til prøverøyrsbefrukting i delstaten.
PRØVERØYR: «Ufødde born er born under lova, utan unnatak begrunna i utviklingsstadium, fysisk plassering eller andre tilleggskarakteristikkar», heiter det i dommen frå Alabama sin Høgsterett.
Erlend Berge / NTB
I 2020 tok ein pasient ved ein prøverøyrsklinikk i byen Mobile seg inn i eitt av romma der embryo vart lagra. Ho løfta ein boks ut av ein frysar, men brente handa – temperaturane i slike lavtemperaturkammer er under -150 grader – og mista den i golvet.
No har tre av para viss embryo vart øydelagde i hendinga vunne fram i delstatens Høgsterett med sitt krav om å få gå til erstatningssak mot klinikken. Det får dei under ei delstatslov som gjer foreldre rett til å søke erstatning for mindreårige born som lid såkalla wrongful death, altså urettmessig dødsfall. Denne samla kategorien finst ikkje i norsk erstatningsrett, men omfattar dødsfall etter til dømes feilbehandling i helsevesenet, allergen i matvarer som ikkje var oppgjevne på pakningen eller ei bilulukke som skuldast feil på køyretøy.
I dette tilfellet ønsker altså dei tre foreldrepara, som alle har fått barn tidlegare ved hjelp av prøverøyrsbehandling ved denne klinikken, å saksøkje klinikken for wrongful death etter uhellet som førte til at embryoa vart øydelagde.
Bestill abonnement her
KJØP