KrFs neste leiar heiter sannsynlegvis ikkje Rygg
KrF er det næraste vi kjem ei branntomt i norsk politikk. I korridorane kviskrar dei KrF-strategane som framleis finst, at ein aldri må la sjansen gå frå seg til å utnytte ei krise.
DUO: Om dagen er det nesten fritt fram å lansere partileiarkandidatar i KrF. Likevel er det desse to som har fortrinnsrett, og sannsynlegvis vil ein av dei ende opp i rolla, skriv kommentator Emil André Erstad.
Erlend Berge
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Fleire i KrF har tatt ordtaket bokstaveleg, og nytta krisa og maktvakuumet i partiet til å lansere seg sjølv til dei fremste posisjonane. Ettersom heile den valde partileiinga i KrF er delvis ute av spel, har kandidatar som Jorunn Lossius og Jørgen Kristiansen frå Sørlandet, lansert seg sjølv.
KrFU-arar frå tidleg på 2000-talet
Måndag denne veka kunne Vårt Land avsløre at også ein ringrev frå Bergens-politikken, tidlegare byråd Filip Rygg, vert løfta fram som partileiar-kandidat av tunge namn i partiet. Andre nemner Østfold-kandidat og tidlegare KrFU-leiar David Hansen som ein kandidat til partileiinga. Då redaksjonen i Vårt Land skulle finne bilete til saka om Ryggs kandidatur, var det vanskeleg å finne noko i databasen som var nyare enn ti år gamle bilete frå då han framleis var aktiv politikar.