KrFs mørkaste kveld

KATASTROFA: KrFs død har vore spådd i årevis. Mandag kom dolkestøtet som partiet skal ha vanskar med å reise seg frå, med mindre det tyr til drastiske grep.

Det held ikkje å re-mobilisere dei veljarane som tidlegare har stemt KrF, så lenge partiet ikkje vinn nye, skriv Emil André Erstad.
IKKJE NOK: Det held ikkje å re-mobilisere dei veljarane som tidlegare har stemt KrF, så lenge partiet ikkje vinn nye, skriv Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Heilt frå den første valdagsmålinga kom mandag kveld, var det tydeleg at KrFs kamp mot sperregrensa kom til å handle om særs få stemmer. Partiet vippa i fleire timar over og under streken medan stemmene tikka inn. Denne kommentaren er skriven rett etter at NRKs tallknusarar slo fast at KrF ikkje lenger hadde sjans på å nå sperregrensa, rett rundt midnatt.

Stor sorg

For mange er det ei melding som kjem med stor sorg. Også for ein del av dei som ikkje sjølv har stemt på eller lenger er ein del av partiet.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS